Nederschlesiske voivodskap

Nederschlesiske voivodskap
Województwo dolnośląskie
Våpenet til Nederschlesiske voivodskap
Våpenet til Nederschlesiske voivodskap
Plasseringa til Nederschlesiske voivodskap i Polen
 
Land:Polen
Hovudstad:Wrocław
Fylke:3 byar og 26 landfylke
Gmina:169
Folketal:2 884 248 (2006)
Areal:19 946 km²
Folketettleik:145 /km²
Heimeside:www.umwd.pl/

Nederschlesiske voivodskap (polsk województwo dolnośląskie eller berre Dolnośląskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg sørvest i Polen og utgjer om lag regionen Nederschlesien (den nordvestlege delen av den historiske og geografiske regionen Schlesien), som vart avstått til Polen frå Tyskland mot slutten av den andre verdskrigen. Hovudstaden og den største byen er Wrocław (tysk Breslau) ved elva Oder.

Historie og geografi

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Wrocław, Legnica, Wałbrzych og Jelenia Góra. Det dekkjer eit areal på 19 946 km² og har totalt 2 884 248 innbyggjarar (2006). Av desse bur 2 047 151 i urbane strøk, medan 837 097 bur i meir landlege område.

Sjølv om det meste av regionen er relativt låg, som namnet viser til, men inneheld òg ein del av fjellkjeda Sudetane som går langs grensa mellom Polen og Tsjekkia. Av populære skisstader i Nederschlesiske voivodskap finn ein Karpacz og Szklarska Poręba i Karkonoszefjella. Byen Kudowa Zdrój, òg i Sudetane, vest for Kłodzko nær grensa til Tsjekkia, er ein tradisjonell kurstad som ofte vert vitja av pasientar med hjartesjukdomar. Andre viktige turistdestinasjonar er hovudstaden Wrocław og byane Jelenia Góra og Legnica.

Nederschlesiske voivodskap grensar til Lubusz-voivodskapet i nordvest, Storpolske voivodskap i nordaust, Opole-voivodskapet i søraust, Tsjekkia i sør og Tyskland i vest.

Nederschlesiske voivodskap er delt inn i 29 fylke (powiat). Tre av desse er byfylke og 26 landfylke. Desse er igjen delt inn i 169 gmina eller kommunar.

Other Languages
Bân-lâm-gú: Dolnośląskie Séng
беларуская (тарашкевіца)‎: Ніжнесылескае ваяводзтва
客家語/Hak-kâ-ngî: Dolnośląskie
Bahasa Indonesia: Provinsi Dolnośląskie
lumbaart: Dolnośląskie
Bahasa Melayu: Wilayah Lower Silesian
Tiếng Việt: Dolnośląskie