Motiv i litteratur

Motiv i litteratur er tankar, inntrykk eller mønster som går igjen i éin tekst eller i ulike verk. Ei rekkje moment kan vera motiv, til dømes bilde, idear, opplevingar, situasjonar, figurar og typar, handlingsmønster og personkonstellasjoner.[1][2] Eit motiv er konkret og kan finnast lett i ein tekst, til forskjell frå temaet eller hovudideen i teksten, som kan vera meir diffust.[3]

Særskilde motiv kan vera utbreidde innan ein litterær sjanger eller periode. Nokre av dei kan verka som sjangerkjenneteikn, eller brukast til å klassifisera tekstar, til dømes ved å samla eventyr i motivgrupper.[4]

Døme

Motiv kan vera svært generelle, som «havet, dauden og kjærleiken», eller meir særeigne.

Nokre døme er:

  • Forgjengelegdom. «Ubi sunt» ('kvar er…') er eit kjend motiv frå mellomalderdikting som typisk tek for seg folk som no er døde, «snøen som fall i fjor» og liknande. «Carpe diem»-motivet er vanleg i litt seinare lyrikk og inneheld oppfordringar til å leva livet.[1]
  • Foreldrelause. Barn som (tilsynelatande) ikkje har levande foreldre, men veks opp hjå fosterfamiliar. Dette motivet går att i gamle forteljingar som Remus og Romulus i romersk mytologi, Karna i Mahabharata og Moses i Egypt og i nyare verk som Jane Eyre, Frendelaus, Oliver Twist, Anne fra Bjørkely, Heidi, Jungelboka og Harry Potter.
  • Herskapshus. «Big house» er eit omgrep innan irsk litteratur, der særleg anglo-irske forfattarar brukte det som symbol på forfallet til samfunnsklassen sin.[5] Herskapshuset er også eit motiv i verk som «The Fall of the House of Usher» av Edgar Allan Poe og Howards End av E.M. Forster.
Other Languages