Metodologisk individualisme

Metodologisk individualisme er eit vitskapsteoretisk omgrep som inneber at ein må forstå og forklare sosiale fenomen (grupper, institusjonar, samfunn, språk) skal som resultat av einkskilddeler (t.d. individ) og ikkje heilskapar (system). «Metodologisk» vil seie at dette er eit analytisk forskingsgrep der visse sider av livet vert fokuserte på og andre sett i parentes.

Omgrepet er sentralt i sosiologien og historievitskapen som diskusjonen om tilhøvet mellom individ og samfunn/gruppe og mellom mikro- og makroperspektivet. Ein er ofte del i kulturelle praksisar utan å vite om det (kjønnslege, sosiale, smaksbaserte o.l.), men det er mogleg for andre, t.d. forskarar, å sjå det. Tanken er at ein ikkje er del av noko større utan at ein òg er det som individ. Diskusjonen blir presenterte som ein diskusjonen mellom Emile Durkheim og Max Weber.

I sosiologien finn ein fleire variantar, frå svar til sterk metodologisk individualisme. Svak vil berre seie at ein på ein eller annan måte, gjerne indirekte, må kunne føre forklaringsteoriane attende til ei tuft (ei førestelling, ei handling) på individnivå. Sterk vil seie at det må vere eit direkte samband. Peter Berger og Thomas Luckmann argumenterte alt midt på 60-talet for ein kombinasjon av mikro- og makroanalysenivået ut frå ein idé om ein sosial dialektikk mellom objektive og subjektive aspekt, noko som kan kallast svak metodologisk individualisme. I Noreg har Jon Elster vore talsmann for ein liknande posisjon. Internasjonalt har det kome viktige innlegg frå Anthony Giddens og Karin Knorr-Cetina.

Det motsette av metodologisk individualisme er metodologisk kollektivisme og særleg her strukturfunksjonalismen.

  • kjelder

Kjelder

  • Berger, P. og T. Luckmann (1967). «The social construction of reality. A treatise in the sociology of knowledge». Garden City, New York, Anchor Books/Doubleday. Oms. til dansk (1976). «Den samfundsskabte virkelighed. En videnssociologisk afhandling». København, Lindhard og Ringhof. Oms. til norsk (2000). Den samfunnsskapte virkelighet. Bergen, Fagbokforlaget.
  • Knorr Cetina, Karin (1999). Epistemic cultures: how the sciences make knowledge. Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press. ISBN 9780674258945. 
    Spire Denne vitskapartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å .
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Other Languages