Meisterligaen 1994

Lagoppstillingane i meiserligafinalen 1994 - Milan markert med raude og blå striper

Meisterligaen 1994 var den 2. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den italienske klubben AC Milan vann turneringa den 18. mai 1994 på Olympiastadion i Aten gjennom å slå det spanske laget FC Barcelona med 4-0 i finalekampen. Daniele Massaro skåra to mål i fyrste omgangen, og Dejan Savićević og Marcel Desailly la på til 4-0 før eit kvarter var gått av andre omgangen. På tribunane sat 70 000 tilskodarar.

Finalelaga

Milan: Sebastiano Rossi, Mauro Tassotti, Filippo Galli, Paolo Maldini, Christian Panucci, Marcel Desailly, Demetrio Albertini, Zvonimir Boban, Dejan Savićević, Roberto Donadoni og Daniele Massaro. Stefano Neva kom inn i staden for Maldini åtte minuttar før slutt.

FC Barcelona: Andoni Zubizarreta, Albert Ferrer, Miguel Ángel Nadal, Ronald Koeman, Sergi Barjuán, Pep Guardiola, José Mari Bakero, Guillermo Amor, Txiki Begiristain, Romário de Souza og Hristo Stoitsjkov. Innbytarane Eusebio Mena og Quique Estebaranz kom på bana etter høvesvis 50 og 71 minuttar, ut gjekk Begiristain og Barjuán.

  • kjelder

Kjelder

Other Languages
српски / srpski: Лига шампиона 1993/94.