Maria Karolina av Austerrike

Maria Karolina av Austerrike
Angelika Kauffmann Portrait Maria Karoline von Österreich VLM off.jpg
Maria Karolina av Austerrike
måla av Angelika Kauffmann.
Fødd13. august 1752
FødestadWien i Austerrike
Død8. september 1814 (62 år)
DødsstadHetzendorf
FøregjengarMaria Amalia av Sachsen
EtterfølgjarMaria Isabella av Spanien og Julie Clary
Gift medFerdinand I av Begge Sicilia
FarFrans I
MorMaria Teresia av Austerrike

Maria Karolina av Austerrike (13. august 17528. september 1814) var dronning og de facto regent av Napoli og Sicilia som kona til kong Ferdinand IV.

Liv

Portrett av Maria Karolina av Austerrike (ca. 1768) av Anton Raphael Mengs.

Maria Karolina var dotter av det tysk-romerske keisarparet Frans I og Maria Teresia og syster av Marie Antoinette, som blei dronning i Frankrike. Som barn blei ho skildra som ein ivrig elev som var overtydd om at ho var utpeika til å regjera. Ho var favoritt og leikekamerat til Marie Antoinette.

Maria Karolina blei gift med kong Ferdinand av Napoli og Sicilia i 1768. Ekteskapet var blitt arrangert som eit vilkår for ein allianse mor hennar hadde gjort med far til Ferdinand, om at ei av hennar døtrer skulle gifta seg med hans son. Ingen av ektefellane var tiltrekte av den andre, men dei levde saman og fekk ei rekkje barn som kunne fortsetja arvelinja.

Kort tid etter at ho kom til Napoli tok Maria Karolina kontroll over hoffet, og skipa ein salong vitja av lærde som Gaetano Filangieri, Domenico Cirillo og Giuseppe Maria Galanti.[1] Etter kvart fekk ho meir innverknad ved hoffet, og etter å ha fødd ein son i 1777 fekk ho plass ved riksrådet. Ektemannen var lite interessert i styre og stell. Han hade støtta seg på råd frå faren Karl III av Spania gjennom ministeren sin Tanucci, men Maria Karolina fekk Ferdinand til å avsetja denne i 1776 og fekk markien av Sambuca innsett i staden.

Maria Karolina måla i 1791 av Élisabeth-Louise Vigée-Le Brun, portrettmålaren til systera Marie Antoinette.

Politikken til Maria Karolina gjekk ut på å gje landet ei stormaktsstilling, å frigjera det frå spansk innverknad og å alliera det med Austerrike. Ho var ein sterk motstandar av den franske revolusjonen og det påfølgjande Napoleon-regimet. Gjennom vennskapen med den engelske ambassadørfrua Emma Hamilton og Lord Nelson nærma ho seg Storbritannia.

Dronninga fekk aukande motstand frå folket og adelen, som oppfatta henne som ein utlending som hadde teke over kontrollen i landet. I 1799 førte eit opprør i Napoli til at riket blei delt og familien måtte flykta til Sicilia. Opprøret blei slått ned, men familien blei verande på Sicilia. I 1806 blei Ferdinand avsett som konge av Napoli av Napoleon. Maria Karolina mista makta over Sicilia då Ferdinand abdiserte til fordel for sonen i 1812. Ho drog tilbake til fødelandet Austerrike, der ho døydde i 1814.

Maria Karolina støtta fleire tysk-sveitsiske kunstnarar. Fremst av desse var Angelika Kauffmann, som måla fleire bilde av dronninga og familien hennar, og underviste døtrene hennar i teikning. Dronninga støtta også landskapsmålaren Jacob Philipp Hackert, som blei gjeven ein fløy i slottet i Francavilla.

Other Languages
Bahasa Indonesia: Maria Carolina dari Austria
Türkçe: Maria Karolina