Maria II av England

Maria II
1662 Mary II.jpg
Dronning av England, Skottland og Irland
Regjeringstid 13. februar 1689–28. desember 1694
Kroning 11. april 1689
Fødd 30. april 1662
Fødestad St. James's Palace i London
Død 28. desember 1694 (32 år)
Dødsstad Kensington Palace i London
Gravlagd Westminster Abbey i London
Føregjengar Jakob II & VII
Etterfølgjar Vilhelm III & II
Gift med Vilhelm III & II
Far Jakob II & VII
Mor Lady Anne Hyde

Maria II ( 30. april  166228. desember  1694) var dronning av England, Skottland og Irland og medregent i lag med ektemannen og syskenbarnet sitt, Vilhelm III og II, frå 1689 og fram til ho døydde.

Vilhelm og Maria, som begge var protestantar, vart konge og dronning etter den ærerike revolusjonen, der den katolske far hennar, Jakob II og VII vart avsett. Vilhelm vart regent aleine då Maria døydde i 1694.

Den felles regjeringstida deira blir ofte referert til som «Vilhelm og Maria-tida». Sjølv om ho var regjerande dronning, og ikkje berre gemalinne, var det i realiteten Vilhelm som fungerte som monark det meste av tida. Unnataket er dei periodane der han var involvert i krigføring utanfor riket.

Tidleg liv

Maria (venstre) og Anne med foreldrene sine.

Maria vart fødd i St. James's Palace i London. Ho var eldste dotter til James, hertug av York (den seinare Jakob II) og den fyrste kona hans, Lady Anne Hyde. Onkelen hennar var Karl II av England, og morfaren hennar var Edward Hyde, 1. jarl av Clarendon, som lenge var den viktigaste rådgjevaren til Karl II. Mora fekk åtte born, men berre Maria og den yngre syster hennar, Anne, levde opp.

Hertugen av York konverterte til katolisismen i 1668 eller 1669, men etter ordrar frå Karl II fekk Maria og Anne ei protestantisk oppseding. Mora døydde i 1671, og faren gifte seg igjen i 1673 med Maria av Modena.

Femten år gamal vart Maria trulova med den protestantiske statthalderen Vilhelm av Oranien. Han var ein son av tanta hennar, Mary, og prins Vilhelm II av Nassau. Karl II var fyrst imot denne alliansen med ein nederlandsk herskar, og ville heller at Maria skulle gifte seg med den franske arveprinsen Ludvig. På grunn av press frå parlamentet og at ynsket om ein koalisjon med det katolske Frankrike fall bort tillét han til slutt ekteskapet. Hertugen av York tillét det òg, i den feilaktige trua at det ville gje han meir støtte blant protestantane. Paret gifte seg i London 4. november 1677.

Dei reiste til Nederland, der Maria levde som gemalinna til Vilhelm. Ho var trufast mot mannen sin, men ekteskapet var ofte ulukkeleg. Tre graviditetar enda i spontanabortar eller dødfødslar, og barnløysa førde til at ho var ulukkeleg store delar av livet sitt. Den livlege naturen hennar gjorde henne populær blant nederlendarane. Mannen hennar, derimot, var kald og avvisande. Han hadde lenge eit utanomekteskapeleg forhold til Elizabeth Villiers, ein av hoffdamene til Maria. Etterkvart vart han meir avslappa i selskap med Maria, og ekteskapet fungerte noko betre.

Other Languages
български: Мария II Стюарт
brezhoneg: Mari II Bro-Saoz
eesti: Mary II
Bahasa Indonesia: Mary II dari Inggris
ქართული: მერი II
Lëtzebuergesch: Mary II. vun England
македонски: Марија II
Bahasa Melayu: Mary II dari England
संस्कृतम्: मेरी २
Simple English: Mary II of England
српски / srpski: Мери II од Енглеске
srpskohrvatski / српскохрватски: Mary II od Engleske
Türkçe: II. Mary
Tiếng Việt: Mary II của Anh
粵語: 瑪麗二世