Magi i Harry Potter-serien

I Harry Potter-serien skapt av J.K. Rowling, er magi skildra som ei naturleg kraft som kan brukast til å overstyre dei vanlege naturlovene. Mange fiktive magiske vesen eksisterer i serien, medan vanlege vesen nokre gonger viser nye magiske eigenskapar i romanverda. (Ugler kan levere post og til ein viss grad, forstå menneske). Også objekt kan forsterkast med magiske eigenskapar. Den litle delen av menneske som er i stand til å utføre magi blir kalla hekser og trollmenn, i motsetning til ikkje-magiske gompar.Hos menneske er magi eller mangel på magi ein medfødd eigenskap. Born med magi har normalt magiske foreldre, men det finst unntak. Born utan magiske krefter som har foreldre som er hekser og trollmenn, blir kalla futtar, medan ei heks eller ein trollmann med gompeforeldre er kjend som ein gompefødd, eller nedsettande, "Grums". Medan gompefødde er ganske vanleg, er futtar ekstremt sjeldne.

Other Languages