Madre de Dios

Madre de Dios
elv
Madredediosrivermap.png
Kart over Amazonas. Madre de Dios indikert med lilla farge.
LandFlag of Peru.svg Peru, Flag of Bolivia.svg Bolivia
Renn gjennomPuerto Maldonado, Riberalta
SideelvarManú, Inambari, Tambopata, Heath m.fl.
Lengd1 150 km
KjeldeAustsida av Cordillera de Garabaya, Andes, Peru
 - høgd6 000 moh
MunningElva Beni i Bolivia
Wikimedia Commons: Madre de Dios River
Elvebreidda nær byen Boca Manu.
(Foto: Marcin Nowak)

Madre de Dios er ei elv i Amazonasbassenget og ei sideelv til Beni. Ho er omtrentleg 1 150 km lang og er ein vassveg i to land, i søraustre del av Peru og nordvestre Bolivia.

Geografi

Elva vert til i austsida av Cordillera de Garabaya, Andes i grenseområdet mellom regionane Cuzco og Madre de Dios. Ho strekkjer seg ca. 640 kilometer gjennom peruansk territorium i regionen med same namn som elva. På grensa mot Bolivia, ikkje langt frå Puerto Heath, har grenseelva Heath utlaupet i Madre de Dios. Frå denne staden held ho fram 510 kilometer gjennom Boliva fram til byen Riberalta der ho tømmer seg i Beni. Beni held fram mot Brasil kor ho får namnet Madeira, ei av dei store sideelvane til Amazonaelva.

I regionen Madre de Dios er elva Madre de Dios ein vektig vassveg, og spesielt for Puerto Maldonado, den største byen i regionen og regionshovudstad. Ved byen går det føre seg bygging av ei bru over Madre de Dios med ei lengd på ca. 720 meter.

Av dei største verksemder ved elvebreidda er gullvasking, mangodyrking, anna selektivt jordbruk og tømmerhogst. Verksemdene kan utgjere miljøproblem. I Peru ligg elveleiet på grensa mot fleire nasjonalparkar og reservat, spesielt Tambopata-Candamo nasjonalpark, Manu nasjonalpark og Bahuaja Sonene naturreservat.

Other Languages