Målform

Målform eller standardspråk er ei form av eit språk som passar inn under ein språknormal, det vil seia eit sett fastsette reglar for ei språk. Ei målform kan vera ei offisiell språkform som er normert av eit språkråd, ei form som byggjer på ein standard dialekt eller ei språkform som blir rekna som vanleg i offentleg diskurs. Omgrepet kan omfatta både normert talemål og skriftspråk, som i mange høve vil likna kvarandre.

Standardspråk har gjerne felles anerkjend grammatikk, ortografi og uttale (ofte med ulike variantar). Dei kan ha status som offisielt språk og bli brukt i offentlege samanhengar som skule, lovar og rettssystem, ha ein litterær kanon og bli normerte av institusjonar, som språkråd, universitet eller utgjevarar. Dei har gjerne utbreidd bruk og aksept innan samfunnet dei er standardspråk i.

Målform i Noreg

Målformer etter kommune██ Nynorsk██ Bokmål

norsk skil ein mellom målform, ulike måtar å skriva på, og målføre, ulike måtar å snakka på. Noreg har to offisielle målformer, bokmål og nynorsk. Desse to målformene er jamstilte i all offentleg kommunikasjon, men bokmål er desidert mest brukt.

Normene for bokmål og nynorsk er definerte av to sett med retningslinjer som styresmaktene i Noreg har vedteke for korleis ein bør skriva norsk. Høgnorsk og riksmål er to andre, uoffisielle målformer.

Other Languages
Alemannisch: Standardsprache
العربية: معيرة لغة
Bân-lâm-gú: Piau-chún-gí
български: Книжовен език
Cymraeg: Iaith safonol
Esperanto: Norma lingvo
français: Langue standard
한국어: 표준어
हिन्दी: मानक भाषा
Bahasa Indonesia: Bahasa baku
íslenska: Ritmál
italiano: Lingua standard
עברית: שפה תקנית
Basa Jawa: Basa baku
Kiswahili: Lahaja sanifu
Кыргызча: Адабий тил
Limburgs: Sjtandaardtaal
Bahasa Melayu: Bahasa baku
Nederlands: Standaardtaal
日本語: 標準語
oʻzbekcha/ўзбекча: Adabiy til
português: Norma culta
română: Limbă standard
sicilianu: Standarduluggìa
سنڌي: ٺيٺ ٻولي
slovenčina: Spisovný jazyk
slovenščina: Knjižni jezik
српски / srpski: Стандардни језик
srpskohrvatski / српскохрватски: Standardni jezik
suomi: Yleiskieli
தமிழ்: தகுமொழி
татарча/tatarça: Стандарт тел
中文: 标准语