Ludvig XII av Frankrike

Ludvig XII på ein mynt frå 1514.

Ludvig XII ( 27. juni  14621. januar  1515), fr. Louis XII, kalla «folkets far» (fr. le Père du Peuple), var konge av Frankrike frå 1498 og konge av Napoli 15011504.

Louis var fødd i Slottet i Blois som son av Charles av Orleans (som var soneson til Karl V av Frankrike) og Marie de Clèves. Før han blei konge deltok Louis i «den galne krigen», la guerre folle, mot autoriteten til den dåverande kongen, den mindreårige Charles VIII, som var søskenbarnet hans.

Han gifta seg i 1476 med Jeanne (1464 -1505), dotter av Ludvig XI. Etter at han blei konge i 1498 tvinga han paven til å oppløysa ekteskapet. I 1499 gifta han seg med Anne av Bretagne (1477-1514), enkja etter forgjengaren. Etter at ho døydde kom hertugdømet Bretagne inn under Frankrike.

Som konge dreiv Louis ein aktiv utanrikspolitikk, og prøvde å styrka Frankrike si stilling i Nord-Italia. Han klarte å erobra store område der, men måtte trekka seg ut i 1513. Trass dette mislukka prosjektet hadde han framleis folket si støtte.

9. oktober 1514, kort tid etter at Anne av Bretagne døydde, gifta den aldrande Louis seg med den unge engelske prinsessa Maria Tudor, syster til kong Henrik VIII av England. Målet var å skaffa ein arving til trona, men Louis døydde knappe tre månader etter giftarmålet. Han hadde to gjenlevande born, begge døtrer, og etterfølgjaren hans blei svigersonen og fetteren Francis Valois-Angoulême, som var gift med eldstedottera Claude.

Spire Denne historieartikkelen som har med Frankrike å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å .
Other Languages
azərbaycanca: XII Lüdovik
Bân-lâm-gú: Louis 12-sè
беларуская: Людовік XII
беларуская (тарашкевіца)‎: Людовік XII (кароль Францыі)
български: Луи XII
čeština: Ludvík XII.
Deutsch: Ludwig XII.
eesti: Louis XII
français: Louis XII
한국어: 루이 12세
Bahasa Indonesia: Louis XII dari Perancis
íslenska: Loðvík 12.
ქართული: ლუი XII
latviešu: Luijs XII
lietuvių: Liudvikas XII
македонски: Луј XII
مازِرونی: لوئی دوازدهم
Piemontèis: Luis XII
polski: Ludwik XII
русский: Людовик XII
Simple English: Louis XII of France
slovenčina: Ľudovít XII.
slovenščina: Ludvik XII. Francoski
српски / srpski: Луј XII
srpskohrvatski / српскохрватски: Louis XII od Francuske
suomi: Ludvig XII
Türkçe: XII. Louis
українська: Людовик XII
Tiếng Việt: Louis XII của Pháp
粵語: 路易十二
中文: 路易十二