Limburg i Nederland

Provincie Limburg
Provinsen Limburg
NL-LimburgVlag.svgVåpenet til Provincie Limburg
FlaggVåpen
Plasseringa til Provincie Limburg
HovudstadMaastricht
Dronninga sin kommissærLeon Frissen
Religion (1999)protestant 3%
romersk-katolsk 80%
Areal
 • Land
 • Vatn
 
2 153 km² (9.)
56 km²
Folketal (2006)
 • Totalt
 • Folketettleik

1 131 938 (6.)
526/km² (4.)
Hymne«In 't Bronsgroen Eikenhout»
Offisiell nettstadwww.limburg.nl

Limburg er ein provins i Nederland og ligg heilt sør i landet. Han grensar til Belgia i sør og delvis i vest, Tyskland i aust og dei nederlandske provinsane Noord-Brabant i vest og Gelderland i nord. Administrasjonssenteret er Maastricht.

Historie

Limburg har eit namn som kjem frå festningsbyen Limbourg, som ligg ved elva Vesdre i Ardennane, som i dag er i den belgiske provinsen Liège. Byen var i mellomalderen sete for hertugdømet Limburg, som strekte seg inn i Maas regionen nord for byen Liège. Området som i dag utgjer den nederlandske Limburg var derimot ikkje ein del av denne eininga, men var delt mellom fleire statar, inkludert hertugdømet Brabant, hertugdømet Jülich, hertugdømet Geldern og bispedømet Liège, i tillegg til hertugdømet Limburg. Eit resultat av denne delinga er framleis synleg i dag i form av alle dialektane som vert tala i dei forskjellige kommunane.

I mange hundreår skifta Limburg stadige eigarar på grunn av den strategiske plasseringa. Romarriket, Spania, Preussen, Habsburgmonarkiet og Frankrike har alle styrt Limburg. I 1673 gav Ludvig XIV av Frankrike personleg styrkane sine ordre om å omleire Maastricht. Under omleiringa forsvann ein av brigadegeneralane hans, grev Charles d'Artagnan og han vart sein are ein stor karakter i Dei tre musketerane av Alexandre Dumas den eldre (1802–1870). Limburg var òg åstad for mange slag under åttiårskrigen (1568–1648) der Dei sameinte Nederlanda til slutt dreiv ut spanjolane. Dei fleste innbyggjarane i Limburg støtta spanjolane sidan dei var katolikkar.

Etter napoleonskrigane vart Det sameinte kongedømet Nederland oppretta i 1815. Det vart oppretta ein ny provins kalla Maastricht, etter administrasjonssenteret. Den første kongen, Vilhelm I ønska ikkje at namnet Limburg skulle forsvinne og insisterte på å endre namnet på provinsen til dette.

Då belgiarane reiv seg laus frå kongedømet etter den belgiske revolusjonen i 1830 var provinsen Limburg først nesten heilt under belgisk styre. Etter Londontraktaten i 1839 vart provinsen delt i to og den austlege delen gjekk til Nederland, medan den vestlege delen gjekk til Belgia, ei inndeling som framleis eksisterer i dag.

Other Languages
беларуская (тарашкевіца)‎: Лімбург
emiliàn e rumagnòl: Limbûrg
Bahasa Indonesia: Limburg (Belanda)
עברית: לימבורג
مصرى: ليمبورج
Bahasa Melayu: Limburg
Nedersaksies: Limburg (Nederlaand)
Nordfriisk: Prowins Limburg
پنجابی: لمبرگ
Simple English: Limburg (Netherlands)
Soomaaliga: Limburg
srpskohrvatski / српскохрватски: Limburg (Nizozemska)
Tiếng Việt: Limburg (Hà Lan)
West-Vlams: Hollands Limburg
Lingua Franca Nova: Limburg