Leopold Kronecker

Leopold Kronecker

Leopold Kronecker (fødd  7. desember  1823 i Liegnitz, død  29. desember  1891 i Berlin) var ein tysk matematikar. Bror hans var fysiologen Hugo Kronecker (1839–1914).

Liv

Leopold Kronecker kom frå ein velståande, jødisk kjøpmannsfamilie. Han fekk ei god utdanning, først av ein privatlærar, deretter på gymnaset i Liegnitz, der han blant anna vart undervist av matematikklæraren, og seinare universitetsprofessoren, Ernst Eduard Kummer.

I 1841 byrja han å studere filosofiUniversitetet i Berlin og gjekk på eit breitt spektrum av forelesningar i matematikk, naturvitskap, filosofi og klassisk filologi. Etter korte opphald på universiteta i Bonn og Breslau vende han tilbake til Berlin i 1844, der han avla doktorgrad i filosofi med arbeidet «De Unitatibus Complexis» (Om komplekse einingar).

Deretter forlét han universitetet og arbeidde nokre år som ein svært vellukka forretningsmann. I 1855 var han økonomisk uavhengig og vende tilbake til Universitetet i Berlin som sjølvfinansisert vitskapsmann. Blant elevane hans var Georg Cantor. I 1861 vart Kronecker medlem av Det prøyssiske vitskapsakademiet. I 1868 takka han nei til å bli professor i Göttingen. Han vart i Berlin og i 1883 tok han over stillinga til den tidlegare læraren sin Kummer. Saman med Weierstrass, Helmholtz, Schröter og Fuchs gav han ut tidsskriftet Journal für Mathematik som var grunnlagt av August Leopold Crelle.

Leopold Kronecker døydde den 29. desember 1891 av etterverknadene av bronkitt. Han er gravlagt på den evangeliske gravlunden Alten St.-Matthäus-Kirchhof i Tempelhof-Schöneberg.

Other Languages
azərbaycanca: Leopold Kroneker
беларуская: Леапольд Кронекер
Kreyòl ayisyen: Leopold Kronecker
Nederlands: Leopold Kronecker
Piemontèis: Leopold Kronecker
português: Leopold Kronecker
Simple English: Leopold Kronecker
slovenčina: Leopold Kronecker
slovenščina: Leopold Kronecker
српски / srpski: Леополд Кронекер
українська: Леопольд Кронекер
Tiếng Việt: Leopold Kronecker
文言: 克羅內克