Lecco

Lecco
Lecco-4-16-04-2006.jpg
Byvåpenet til Lecco
Byvåpenet til Lecco


Plassering
Lecco is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Lombardia
Lecco
Borgarmeister Antonella Faggi
Geografi
Flatevidd
 - By

45 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

47 006
  1011/km²
Koordinatar 
Høgd over havet 214 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 23900
Telefon-retningsnummer 0341
Nettstad: www.comune.lecco.it

Lecco er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Lecco i regionen Lombardia og har om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 50 km nord for Milano i enden av den søraustlege greina av Comosjøen. Foten av Alpane stig opp i nord og aust og Valsassina strekkjer seg gjennom dei og sørover mot Lecco.

Elva Adda renn ut frå Comosjøen ved Lecco og det er bygd tre bruer over elva her: Azzone Visconti-brua ( 1336- 1338), Kennedybrua ( 1956) og Alessandro Manzoni-brua ( 1985).

Hovudnæringa i byen var tidlegare basert på industri (jernframstilling).

Historie

Piazza XX Settembre i sentrum av Lecco med San Martino-fjella i bakgrunnen.

Ein har arkeologiske spor etter keltiske busetjingar i området før romarane kom til området. Romarane bygde ei castrum her og gjorde han til eit viktig trafikknutepunkt. Etter Vestromarriket sitt fall erobra langobardar byen på 500-talet og dei vart ettefulgt av frankarar, som gjorde Lecco til sete i eit grevskap og seinare i eit grenseland.

Keisar Otto I var lenge i Lecco og slo ned på opprøret leia av grev Attone i Lecco mot Det tysk-romerske riket i 964. Seinare kom byen inn under klosteret St. Ambrose i Milano. Konrad II haldt seg òg ein del av i Lecco i forøk på å frigjere han frå kyrkja, men som følgje av krigen vart byen underlagt Milano. Frå her følgjer byen histora til Hertugdømet Milano og Lombardia. Tidleg på 1500-talet var han ei kort stund styrt av condottiere Gian Giacomo Medici.

Under den andre verdskrigen vart han eit viktig senter for partisankrigen mot dei tyske okkupantane.

Lecco og Leccogreinga av Comosjøen sett frå Piansciresasletta på Monte Barro.
Other Languages
norsk: Lecco
svenska: Lecco
dansk: Lecco
العربية: ليكو
Bân-lâm-gú: Lecco
беларуская: Лека
български: Леко (град)
català: Lecco
čeština: Lecco
Deutsch: Lecco
eesti: Lecco
emiliàn e rumagnòl: Lècch
English: Lecco
español: Lecco
Esperanto: Lecco
euskara: Lecco
فارسی: لکو
français: Lecco
Gaeilge: Lecco
galego: Lecco
Հայերեն: Լեքո
Bahasa Indonesia: Lecco
italiano: Lecco
עברית: לקו
қазақша: Лекко
latviešu: Leko
lietuvių: Lekas (Italija)
lumbaart: Lecch
magyar: Lecco
Bahasa Melayu: Lecco
Nederlands: Lecco (stad)
Napulitano: Lecco
oʻzbekcha/ўзбекча: Lecco
Piemontèis: Lech
polski: Lecco
português: Lecco
română: Lecco
rumantsch: Lecco
русский: Лекко
Scots: Lecco
sicilianu: Leccu
Simple English: Lecco
slovenčina: Lecco
српски / srpski: Леко (град)
srpskohrvatski / српскохрватски: Lecco
suomi: Lecco
tarandíne: Lecco
Türkçe: Lecco
українська: Лекко
اردو: لیکو
Tiếng Việt: Lecco
Volapük: Lecco
Winaray: Lecco
中文: 萊科