Kyrkjestaten

Kyrkjestaten eller Pavestaten er eit område under det verdslege herredømet til paven. Kyrkjestaten er i dag den vesle Vatikanstaten, men riket har tidlegare vore mykje større.

Opphavleg dekte omgrepet berre den private eigedommen til kyrkja, Patrimonium Sancti Petri eller kyrkjegodset til St. Peter. Men frå 754 tok kyrkja meir tydeleg kontroll, særleg over hertugdømet Roma. På 800-talet omfatta Kyrkjestaten ein stor del av midtre Italia. På 1400-talet var Kyrkjestaten ei viktig politisk og militær makt i området. Medan paven tidlegare hadde halde til i område kontrollert av verdslege herskarar, som den tysk-romerske keisaren og den franske kongen, hadde nå paven sjølvstendig land og makt.

Det var først på 1800-talet at denne pavemakta blei truga. 1848-revolusjonen førte til at han blei avsett, og Republikken Roma utropt, men franske troppar kom raskt til og gjeninnsette pave og Kyrkjestaten.

Samlinga av Italia førte igjen til at Kyrkjestaten blei truga. Roma blei erklært som hovudstaden til den nye nasjonen i 1860. Franske troppar verna paven sin stat fram til 1870, då dei måtte dra tilbake til Frankrike for å stå imot den prøyssiske invasjonen under Bismarck. Etter ei folkeavstemming i 1870 blei Kyrkjestaten annektert av kongeriket Italia. I protest låste Paven seg inne i Lateranpalasset.

Eit konkordat mellom paven og den italienske staten i 1929 skapte ein ny, mindre Kyrkjestat som blei kalla Vatikanstaten. Denne staten fekk murane til Lateranpalasset som grense.

Other Languages
svenska: Kyrkostaten
Alemannisch: Kirchenstaat
azərbaycanca: Papa dövləti
تۆرکجه: پاپ دؤولتی
Bân-lâm-gú: Kàu-hông-léng
беларуская: Папская вобласць
беларуская (тарашкевіца)‎: Папская вобласьць
български: Папска държава
brezhoneg: Stadoù ar Pab
čeština: Papežský stát
Deutsch: Kirchenstaat
eesti: Kirikuriik
Ελληνικά: Παπικά Κράτη
emiliàn e rumagnòl: Stèd d'la Cîsa
English: Papal States
Esperanto: Papa Ŝtato
한국어: 교황령
հայերեն: Պապական մարզ
Bahasa Indonesia: Negara-negara Kepausan
íslenska: Páfaríkið
ქართული: პაპის ოლქი
қазақша: Папа облысы
Kiswahili: Dola la Papa
latviešu: Pāvesta valsts
македонски: Папска држава
Bahasa Melayu: Negeri-Negeri Paus
Mìng-dĕ̤ng-ngṳ̄: Gáu-huòng-guók
Nederlands: Kerkelijke Staat
日本語: 教皇領
português: Estados Papais
română: Statele Papale
Simple English: Papal States
slovenčina: Pápežský štát
slovenščina: Papeška država
српски / srpski: Папска држава
srpskohrvatski / српскохрватски: Papinska Država
українська: Папська держава
粵語: 敎會諸國
中文: 教皇国