Kyrkjesamfunn

Kyrkjesamfunn eller eit kristent trussamfunn er ei religiøs eining som er identifiserbar gjennom eit namn, ein struktur og/eller ei viss lære. Den kristne kyrkja har fem hovudgreiner av kyrkjesamfunn: Katolske, ortodokse, orientalske, anglikanske og protestantiske. I tillegg finst ulike mindre kyrkjesamfunn.

Dei store kyrkjesamfunna kan ha fleire undergrupperingar. Innan katolisismen finst til dømes 23 autonome delkyrkker som likevel er i grunnleggjande eining med kvarandre. Innan protestantismen, på den andre sida, finst fleire ulike hovudstrømmingar med klare læremessige forskjellar (som mellom luthersk og pentekostal kristendom); desse hovudstrømmingane er igjen delte i mindre einingar både etter teologiske, organisatoriske og nasjonale/regionale skiljelinjer. Innan pinserørsla i Noreg oppfattar og organiserer kvar lokal kyrkjelyd seg som eit eige kristent trussamfunn der medlemskapet ikke er territorielt definert.

Orda «kyrkjesamfunn» og etterkvart særleg «trussamfunn» har i Noreg funger som eit av de juridiske rammebegrepa for religionsfridomsomgrepet.

Kjelder

Other Languages