Krepsdyr

Krepsdyr


Krepsdyr
Ei reke av arten Macrobrachium formosense

Systematikk
Rike:Animalia
Rekkje:Arthropoda
Underrekkje:Crustacea
Vitskapleg namn
Crustacea
Brünnich, 1772

Krepsdyr er leddyr med tredelt kropp, todelte ekstremitetar og to par antenner. Dei pustar med gjeller og startar livet med eit naupliuslarvestadium. Gruppa omfattar 52 000 beskrivne artar som lever over heile kloten i eit breitt spekter av økosystem. Dei fleste lever i havet, men ein finn òg grupper som lever heile eller delar av livet sitt på land, t.d. landkrabbar, skrukketroll og kokoskrabbe.

Til krepsdyra høyrer krabbe, hummer, reker, kreps, skrukketroll, rur, vasslopper, tanglopper, eremittkreps og mange fleire. Fleire av artane er kommersielt nyttige, og vert tekne som mat: 10 millionar tonn krepsdyr vert fanga eller avla fram årleg. Dei er òg viktige økologisk - planktoniske artar dannar grunnlaget for dei fleste marine næringskjeder.

Oppbygnad

Kroppen til krepsdyra er delt inn i tre delar (tagma): hovud, thorax og abdomen eller pleon. Ofte er hovud og thorax smelta saman til ein såkalla cephalothorax, så dyret i realiteten vert delt i to segment. Hovudet ber to par antenner, eit par fasettaugo og tre par munndelar kalla maxillar og mandiblar. Thorax og pleon ber ei rekkje laterale ekstremitetar, inkludert gjellene, og ender i eit telson. Dei er dei einaste nolevande leddyra med klart todelte ( birame) ekstremitetar.

Som andre leddyr har krepsdyra eit hardt eksoskjelett som må skiftast ut for at dyret skal veksa ( ecdyse). Ulike delar av skjelettet kan smelta saman, t.d. i carapax, ryggskjoldet som dekker heile oversidan av cephalothorax hjå mange artar.

Dei fleste krepsdyr er særkjønna, sjølv om det finst nokre få hermafrodittiske artar. Ein skil kjønna på pleopodane eller symjebeina, som sit på bakkroppen. Hjå hannar er det første, stundom òg det andre, paret av desse spesialisert til å avlevera sperma.

Other Languages
norsk: Krepsdyr
svenska: Kräftdjur
dansk: Krebsdyr
Afrikaans: Skaaldier
العربية: قشريات
asturianu: Crustacea
azərbaycanca: Xərçəngkimilər
Bân-lâm-gú: Kah-khak-lūi
башҡортса: Ҡыҫала
беларуская: Ракападобныя
български: Ракообразни
bosanski: Rakovi
brezhoneg: Kresteneg
català: Crustacis
Cebuano: Crustacea
čeština: Korýši
Cymraeg: Cramennog
Deutsch: Krebstiere
Ελληνικά: Καρκινοειδή
English: Crustacean
español: Crustacea
Esperanto: Krustacoj
euskara: Krustazeo
français: Crustacé
Gaeilge: Crústach
galego: Crustáceos
한국어: 갑각류
hrvatski: Rakovi
Bahasa Indonesia: Krustasea
íslenska: Krabbadýr
italiano: Crustacea
עברית: סרטנאים
Basa Jawa: Krustaséa
ქართული: კიბოსნაირნი
kernowek: Krestennek
Kiswahili: Gegereka
kurdî: Qalikdar
Кыргызча: Рак сымалдар
кырык мары: Рӓк ганьывлӓ
Latina: Crustacea
latviešu: Vēžveidīgie
Lëtzebuergesch: Kriibsen
lietuvių: Vėžiagyviai
Limburgs: Krabechtige
Lingua Franca Nova: Crustaseo
magyar: Rákok
македонски: Ракови
Bahasa Melayu: Krustasea
မြန်မာဘာသာ: ကနန်း (ရေသတ္တဝါ)
Nederlands: Kreeftachtigen
Nedersaksies: Dwaarsloper
日本語: 甲殻類
Nordfriisk: Kraaben
occitan: Crustacèu
oʻzbekcha/ўзбекча: Qisqichbaqasimonlar
Plattdüütsch: Kreefte
polski: Skorupiaki
português: Crustáceo
română: Crustacee
Runa Simi: Qaraqruyuwa
русский: Ракообразные
Scots: Crustacean
Simple English: Crustacea
slovenčina: Kôrovce
slovenščina: Raki
српски / srpski: Ракови
srpskohrvatski / српскохрватски: Rakovi
Tagalog: Crustacea
Türkçe: Kabuklular
українська: Ракоподібні
اردو: قشریات
Tiếng Việt: Động vật giáp xác
West-Vlams: Kriftachtign
Winaray: Crustacea
粵語: 甲殼動物
中文: 甲壳亚门