Klippedomen

Klippedomen

Klippedomen ( arabisk قبة الصخرة Qubbat As-Sakhrah, hebraisk כיפת הסלע Kippat ha-Sela) er ein muslimsk heilagdom i Gamlebyen i Jerusalem. Han er ein åttekanta bygning med forgylla kuppel som er reist på staden profeten Muhammed skal ha reist til himmelen frå. Bygningen blei opphavleg fullført under omajadekalifen Abd al-Malik, og er med dette eit av dei eldste døma på islamsk arkitektur. [1]

Klippedomen er eit kjennemerke for Jerusalem, [2] og er som del av Gamlebyen med på UNESCO si liste over verdsarv, saman med mellom anna Vestmuren (Klagemuren) og Gravkyrkja i nærleiken. [3]

Domen blir ofte omtalt som Klippemoskeen, men er ikkje eigentleg ein moské. Han ligg like ved al-Aqsa-moskeen på Tempelhøgda, som er den tredje mest heilage staden i islam, etter Mekka og Medina, i tillegg til å vera heilag også for jødar og kristne. Staden han er bygd på husa tidlegare eit romersk tempel til Jupiter Capitolinus, og før dette Det andre jødiske tempelet i Jerusalem. I følgje jødisk tradisjon er domen reist over klippa patriarken Abraham ville ofra Isak på. [4]

Bygget blei truleg reist frå 687 til 691. Den opphavlege kuppelen kollapsa i 1016 og blei bygd opp att i 1021.

  • kjelder

Kjelder

  1. Slavik, Diane (2001). Cities through Time: Daily Life in Ancient and Modern Jerusalem. Geneva, Illinois: Runestone Press. s. 60. ISBN  978-0-8225-3218-7. 
  2. «Arafat's Gift». http://www.newyorker.com/magazine/2001/01/29/arafats-gift. Henta 11 July 2015. 
  3. «UNESCO World Heritage». http://whc.unesco.org/en/list/148. 
  4. Sidsel Wold, – Å bygge et nytt tempel er å be om en katastrofe, NRK.no, http://www.nrk.no/verden/_-katastrofe-a-bygge-et-nytt-tempel-1.11307965 
Other Languages
svenska: Klippdomen
العربية: قبة الصخرة
azərbaycanca: Qübbətüs-Səhra
български: Купол на Скалата
čeština: Skalní dóm
Deutsch: Felsendom
فارسی: قبةالصخره
français: Dôme du Rocher
한국어: 바위의 돔
Bahasa Indonesia: Kubah Shakhrah
עברית: כיפת הסלע
Basa Jawa: Kubah Shakhrah
Latina: Tholus Saxi
latviešu: Klints kupols
magyar: Sziklamecset
македонски: Златна купола
Bahasa Melayu: Qubbat As-Sakhrah
Nederlands: Rotskoepel
日本語: 岩のドーム
português: Cúpula da Rocha
română: Cupola Stâncii
русский: Купол Скалы
Simple English: Dome of the Rock
slovenčina: Skalný dóm
slovenščina: Kupola na skali
srpskohrvatski / српскохрватски: Kupola na stijeni
Basa Sunda: Masjid Umar
татарча/tatarça: Кыя гөмбәзе мәчете
українська: Купол Скелі
吴语: 圆顶回庙