Kløv

For tendensen til mineral å brekke opp langs plane flater, sjå kløyv.
Kløv frå USA.

Kløv eller kløvsal er ein type sal til å halde fast todelt bør over ryggen på lastedyr. Kløva består typisk av to trestykke som er bundne fast med flate puter under, ofte med oppståande trestykke tvers over i begge endane, som er festa til dyret med reimar eller breie band rundt buk, bringe og lender.

I Noreg er tradisjonelt hest og rein dei mest brukte kløvdyra, men hund og geit har òg vorte brukt. Elles i verda er kamelar, dromedarar, jakar, lamaer, esel og muldyr brukt som kløvdyr.

Other Languages
العربية: حزمة السرج
aragonés: Bastes
English: Pack saddle
español: Albarda
euskara: Basta
فارسی: پالان
français: Bât
galego: Albarda
македонски: Самар
português: Albarda
русский: Вьюк
sicilianu: Varduni
srpskohrvatski / српскохрватски: Samar