Kina

Kart over Kina
Den kinesiske muren

Kina (tradisjonell kinesisk skrift 中國, forenkla kinesisk 中国;, pinyin Zhōngguó, Wade-Giles Chung-kuo) er eit land i Aust-Asia som frå 1949 i røynda er delt i to. Folkerepublikken Kina (med hovudstad i Beijing) (eller Peking) omfattar alle fastlandsprovinsane. Republikken Kina (med hovudstad Taipei) styrer berre over provinsen og øya Taiwan (Formosa) og nokre små øyar i provinsen Fujian. Styremaktene i båe republikkane gjer krav på å vera styresmakt i heile Kina. Republikken Kina sin offisielle hovudstad er Nanjing (eller Nanking) som ligg i fastlands-Kina.

Kina er ofte rekna som den eldste framleis eksisterande sivilisasjonen. Historia til landet vert kjenneteikna av ymse delingar og samanslåingar mellom skiftande periodar av fred og krig, og valdelege maktskifte. Makta låg gjerne i hovudsak hjå den kinesiske keisaren. Den røynlege makta kunne liggja hjå mektige embetsmenn og regionale krigsherrar. Kina sitt landområde har variert gjennom historia. Særleg frå 600-talet til og med 1300-talet, kunne Kina reknast som den mest avanserte sivilisasjonen i verda. Frå 1800-talet til ut på 1900-talet var landet for svakt til å slå attende europeisk kolonialisme og japansk invasjon. Samstundes var det interne konfliktar i landet. Kommunistsigeren i den kinesiske borgarkrigen etablerte Folkerepublikken Kina på fastlandet, medan Republikken Kina si regjering heldt fram med å kontrollera Taiwan og nokre mindre øyar i Austkinahavet.

Kina har eit folketal på over ein milliard og utgjer ein femdel av menneska på jorda. Fleirtalet er han-kinesarar. Viktige minoritetar inkluderer mandsjuarar. Det kinesiske språket er inndelt i ei rad variasjonar. Beijiingdialekten vert nytta som utgangspunkt for standardkinesisk.

Other Languages
norsk: Kina
svenska: Kina (region)
Alemannisch: China
አማርኛ: ቻይና
Ænglisc: Cīna
العربية: الصين (منطقة)
ܐܪܡܝܐ: ܨܝܢ (ܐܪܥܐ)
arpetan: Ch·ina
Aymar aru: China
Bân-lâm-gú: Tiong-kok (iōng-gí)
བོད་ཡིག: རྒྱ་ནག
brezhoneg: Sina
català: Xina
čeština: Čína
Cymraeg: Tsieina
Deitsch: Tscheine
Deutsch: China
ཇོང་ཁ: རྒྱ་ནག
español: China (región)
Esperanto: Ĉinio
Gaeilge: An tSín
Gaelg: Yn Çheen
贛語: 中國
گیلکی: چین
客家語/Hak-kâ-ngî: Chûng-koet
한국어: 중국
हिन्दी: चीन
Bahasa Indonesia: Tiongkok (istilah)
íslenska: Kína
עברית: סין (אזור)
Basa Jawa: Cina
ಕನ್ನಡ: ಚೀನಾ
kernowek: China
Bahasa Melayu: China
Mìng-dĕ̤ng-ngṳ̄: Dṳ̆ng-guók
Nederlands: China
日本語: 中国
Nouormand: Chinne
पालि: चीन
Patois: Chaina
Picard: Kine
polski: Chiny
română: China
Runa Simi: Chunwa
русиньскый: Китай
संस्कृतम्: चीन
Simple English: China
slovenščina: Kitajska
српски / srpski: Кина (регион)
Basa Sunda: Tiongkok (istilah)
ತುಳು: ಚೀನಾ
Türkçe: Çin (bölge)
українська: Китай
ئۇيغۇرچە / Uyghurche: خىتاي
Vahcuengh: Cunghgoz
Tiếng Việt: Trung Quốc (khu vực)
Võro: Hiina
walon: Chine
文言: 中國
Winaray: Tsina
吴语: 中國
Yorùbá: Ṣáínà
粵語: 中國
中文: 中國