Kendo

Kendo
(剣道)
Kendo EM 2005 - taiatari.jpg

Fokus Våpen ( shinai, bokken for kata)
Hardleik fullkontakt med rustning og kata
Opphavsland Flag of Japan.svg Japan
Stammer frå Kenjutsu

Kendo (剣道), (剣 for sverd, 道 for vegen eller måten), er ein japansk kampsport med fekting. Kendo utvikla seg ifrå tradisjonelle teknikkar innan japansk sverdkunst, kjent som kenjutsu.

Kendo er ein krevjande aktivitet på det fysiske og mentale planet, som er prega av formaliserte verdiar rundt kampsporten og krevjande sportslege element.

Utøvarar av kendo vert kalla kendoka (剣道家), som tyder ein som utøver kendo, eller kenshi (剣士), som tyder sverdmann.

Kendo vert utøvd i tradisjonelle klede og ei rustning kalla bogu, med ein eller to bambussverd kalla shinai. Rørslene i kendo er forskjellige ifrå europeisk fekting, på grunn av korleis sverda i Japan er lagd forskjellig ifrå dei europeiske. Måten det er brukt på er også forskjellig. Ulikt vestleg fekting brukar kendo slag med ein definert egg på enden av shinaien.

Kendotrening kan vere ganske bråkete samanlikna med andre kampkunstar og sportar. Dette er av di kendoka brukar eit skrik, eller kiai, for å uttrykke ånd og når eit treffer eller kutt vert gjort. Den fremste foten skal og lande i bakken so ein høyrer det.

Sporten er meint å passe for alle uavhengig av kjønn.

Gradering

Det finst ikkje noko beltesystem i kendo og ein har ikkje noko plagg som signaliserer gradering. Det eksisterer eitt sett kyu-grader for nybyrjarar, og dan-grader for dei som har oppnådd eit nivå tilsvarande svart belte i andre sportar.

På syttitalet gjorde ein dei høgaste graderingane vanskelegare å oppnå som ein heider til den avdøde 10. danen Moriji Mochida for hans dyktigheit. Det er no i praksis umogleg å oppnå høgare rangering enn 8. dan, i seg sjølv ein grad med ein av verda sine høgste strykprosentar.

Other Languages
norsk: Kendo
svenska: Kendo
dansk: Kendo
العربية: كندو
asturianu: Kendo
azərbaycanca: Kendo
беларуская: Кэндо
беларуская (тарашкевіца)‎: Кэндо
български: Кендо
català: Kendo
čeština: Kendó
Deutsch: Kendō
eesti: Kendō
Ελληνικά: Κέντο
English: Kendo
español: Kendō
Esperanto: Kendo
euskara: Kendo
فارسی: کن‌دو
français: Kendō
galego: Kendo
한국어: 검도
hrvatski: Kendo
Bahasa Indonesia: Kendo
íslenska: Kendo
italiano: Kendō
עברית: קנדו
Кыргызча: Кендо
Latina: Kendo
lietuvių: Kendo
magyar: Kendó
മലയാളം: കെൻഡോ
Bahasa Melayu: Kendo
монгол: Кэндо
Nederlands: Kendo
日本語: 剣道
ਪੰਜਾਬੀ: ਕੇਂਦੋ
polski: Kendo
português: Kendo
română: Kendō
русский: Кэндо
Scots: Kendo
Simple English: Kendo
slovenščina: Kendo
српски / srpski: Кендо
srpskohrvatski / српскохрватски: Kendo
suomi: Kendō
Türkçe: Kendo
українська: Кендо
Tiếng Việt: Kendo
中文: 劍道