Kantonen Bern

Bern
Tysk: Bern
Fransk: Berne
Italiensk: Berna
Retroromansk: Berna
Wappen Bern matt.svg
Våpenet til Bern
Karte Lage Kanton Bern 2015.png
Kart som viser kor i Sveits Bern ligg.

HovudstadBern
Folketal979 802 (2011)
Areal5 959,44 km²
Folketettleik164/km²
ForkortingBE
Kanton sidan1353
Høgaste toppFinsteraarhorn (4274 moh)

Bern er ein kanton i det vestlege, sentrale Sveits. Kantonen har eit areal på 5 959 km², og hadde 969 299 innbyggarar i 2009. Kantonen er den nest største i Sveits, både kva gjeld flatevidd og folketal. Byen Bern er hovudstad i kantonen.

Geografi

Utsyn over nedre delar av Simmental
Distriktskart over kantonen Bern

Kantonen grensar i nord til kantonane Jura, Solothurn, i aust til Aargau, Luzern, Obwalden, Nidwalden og Uri, i sør til Valais, og i vest til Vaud, Fribourg og Neuchâtel.

Kantonen vert ofte delt etter landskap. I nord ligg sjølandet (Seeland) og Bern-Jura, deretter kjem Mittelland med byen Bern, medan Oberland i sør er prega av storfjell. 43,3% av kantonen er jordbruksareal, og 31,0% er skogdekt. Om lag 19,3% er fjell, brear og innsjøar. Dei fem høgste fjelltoppane i Oberland er over 4 000 meter over havet, med Finsteraarhorn som den høgste.

Språk og samfunn

12,5% av innbyggarane i kantonen er utanlandske statsborgarar. I kring 84% av folket snakkar bernerttysk, ein variant av sveitsartysk, medan 7,6% snakkar fransk, desse bur i vest og i nord i kantonen. Om lag 67% av innbyggarane er protestantar, dei fleste av desse er medlem av Schweizer Reformierte Kirchen, som er statskyrkje (Landeskirche). 16% soknar til den romersk-katolske kyrkja.

Distrikt og kommunar

Bern består sidan 2010 av 10 distrikt (Verwaltungskreise), som er delt opp i til saman 396 kommunar. Dei ti distrikta er Bern-Mittelland, Biel/Bienne, Emmental, Frutigen-Niedersimmental, Interlaken-Oberhasli, Bern-Jura, Oberaargau, Obersimmental-Saanen, Seeland og Thun.

Historie

Bern slutta seg til det sveitsiske eidsforbundet i 1353. På den tid bestod kantonen Bern einast av nokre mindre område i nærleiken av byen. Dei neste 200 åra voks kantonen mykje, dels gjennom oppkjøp og dels gjennom erobringar. Mellom anna kom Aargau under kantonen i 1415, medan det meste av Vaud sitt landområde vart erobra i 1536.

Ved danninga av republikken Helvetia i 1798 vart den dåverande kantonen delt i to, ein i sørvest med Lausanne til hovudstad og ein annan, kalla Oberland, med Thun til hovudstad. Då den sveitsiske føderasjonen vart restaurert i 1815, fekk kantonen Bern tilført land som hadde lege under bispedømmet i Basel, mellom anna Bern-Jura. Den utskilde kantonen i vest, derimot, vart til kantonen Vaud.

I tida 1815-1979 var Bern den største kantonen i Sveits. Etter Bern-Jura braut ut og vart eigen kanton i 1979, vart Graubünden den kantonen i landet med størst flatevidd.

Kjelder

Other Languages
svenska: Bern (kanton)
Alemannisch: Kanton Bern
العربية: كانتون برن
aragonés: Cantón de Berna
asturianu: Cantón de Berna
تۆرکجه: برن (کانتون)
Bân-lâm-gú: Bern Chiu
беларуская: Берн (кантон)
беларуская (тарашкевіца)‎: Бэрн (кантон)
български: Берн (кантон)
bosanski: Bern (kanton)
brezhoneg: Kanton Bern
Чӑвашла: Берн (кантон)
čeština: Bern (kanton)
Cymraeg: Bern (canton)
davvisámegiella: Bern (kantona)
Deutsch: Kanton Bern
Esperanto: Kantono Berno
français: Canton de Berne
Gàidhlig: Bern (Kanton)
한국어: 베른 주
Bahasa Indonesia: Kanton Bern
Interlingue: Canton de Bern
íslenska: Bern (kantóna)
italiano: Canton Berna
Basa Jawa: Kanton Bern
қазақша: Берн (кантон)
Kiswahili: Jimbo la Bern
latviešu: Bernes kantons
lietuvių: Berno kantonas
Limburgs: Bern (kanton)
lingála: Kanton ya Bern
lumbaart: Canton Berna
magyar: Bern kanton
Nederlands: Bern (kanton)
日本語: ベルン州
Nordfriisk: Bern (Kantoon)
پنجابی: برن کینٹن
português: Berna (cantão)
română: Cantonul Berna
rumantsch: Chantun Berna
русский: Берн (кантон)
sicilianu: Canton Berna
Simple English: Canton of Bern
slovenčina: Bern (kantón)
slovenščina: Kanton Bern
српски / srpski: Кантон Берн
srpskohrvatski / српскохрватски: Bern (kanton)
українська: Берн (кантон)
vèneto: Canton Berna
Tiếng Việt: Bern (bang)
Winaray: Bern (canton)
粵語: 伯恩州
中文: 伯恩州