Judea- og Samaria-området

Judea- og Samariaområdet
hebraisk אֵזוֹר יְהוּדָה וְשׁוֹמְרוֹן, arabisk يَهُوذَا وَالسَّامِرَةِ
distrikt
Lokale kommunar13
Regionale kommunar6
Byar4
AdministrasjonsstadAriel
Koordinatar
Areal5 878 km²
Folketal375 000 (israelske borgarar) (2013)
Judea and Samaria Area in Israel (all) (semi-Israel areas hatched).svg
Wikimedia Commons: Judea and Samaria District

Judea og Samaria (hebraisk אֵזוֹר יְהוּדָה וְשׁוֹמְרוֹן, Ezor Yehuda VeShomron, òg akronymet יו"ש Yosh eller ש"י Shai; arabisk يَهُوذَا وَالسَّامِرَةِ, Yahuda was-Sāmerah) er dei historiske bibelske namna på området som no generelt vert kalla Vestbreidda.[1] Judea- og Samaria-området er òg eit administrativt distrikt i Israel, i Område C på Vestbreidda, utanom Aust-Jerusalem.[2]


Status

Judea- og Samaria-området vert administrert av Det israelske forsvaret sin sentralkommando og militærlov gjeld i området. Dei administrative avgjerslene vert teken av øvstkommanderande. Framtida til regionen er ein nøkkelfaktor i den pågåande israelsk-palestinske konflikten.

Vestbreidda (inkludert Aust-Jerusalem) og Gazastripa vert rekna som okkuperte palestinske territorium av Dei sameinte nasjonane,[3][4] Den internasjonale straffedomstolen, Den europeiske unionen,[5] og ikkje-statlege organisasjonar som Amnesty International,[6] Human Rights Watch,[7] og B'Tselem.[8][9]

Other Languages