Johannes Chrysostomos

Mosaikk av Chrysostomos frå 800-talet.

Johannes Chrysostomos (f. 347 i Antiokia, død 14. september 407) var ein gresk kyrkjefader som blei utropt til helgen med minnedag 13. september. Han var vidkjend for retorikk- og preikeevnene sine. Namnet Chrysostomos, som er gresk for ' gull munn', viser til denne evna.

Johannes verka først i Antiokia i Syria, men blei i 398 patriark i Konstantinopel. Der gjorde han seg til uvenn med mellom anna keisarinna Eudoxia gjennom å gå til åtak på det moralske forfallet generelt, ved hoffet hennar spesielt. Mannen med gullmunnen blei snart skulda for kjetteri for orda sine, og landsforvist av keisar Arkadios. Grunna folkeleg støtte fekk han snart koma tilbake, men blei seinare landsforvist på nytt. Denne gongen døydde han under den harde reisa til det utpeika eksilet sitt ved Svartehavet.

  • bakgrunnsstoff
Other Languages
asturianu: Xuan Crisóstomu
azərbaycanca: İohann Xrisostom
беларуская: Іаан Златавуст
български: Йоан Златоуст
čeština: Jan Zlatoústý
Cymraeg: Ioan Aurenau
français: Jean Chrysostome
hrvatski: Ivan Zlatousti
Bahasa Indonesia: Yohanes Krisostomus
latviešu: Joans Hrizostoms
Bahasa Melayu: John Chrysostom
português: João Crisóstomo
Simple English: John Chrysostom
slovenčina: Ján Zlatoústy
slovenščina: Janez Zlatousti
српски / srpski: Јован Златоусти
srpskohrvatski / српскохрватски: Jovan Hrizostom
Tiếng Việt: Gioan Kim Khẩu