Jarama

Jarama
elv
none Jarama i Titulcia
Jarama i Titulcia
LandFlag of Spain.svg Spania
Nedslagsfelt5 047 km² km²
Lengd190 km
Middelvassføring31 7 moh /s
KjeldeSierra de Ayllón
MunningTajo
Wikimedia Commons: Jarama River

Jarama er ei elv sentralt i Spania og ei av sideelvane til Tajo. Ho renn frå nord til sør og passerer aust for Madrid. Ho munnar ut i Tajo i Aranjuez. Manzanares er ei av sideelvane til Jarama.

Den spanske borgarkrigen

Under den spanske borgarkrigen ved Paracuellos del Jarama vart om lag 1000 fascistfangar drepne av den republikanske militsen under slaget ved Madrid (8.-9. november 1936). Det er omstridd om Santiago Carrillo, kommunistleiaren i Madrid, gav ordre om desse avrettingane eller ikkje, sjølv om dei vart utført under hans leiing.[1][2]. Han har sidan nekta for dette.[3].

Jarama var åstad for intense kampar under slaget ved Jarama i 1937. Nasjonaliststyrkar kryssa elva i eit forsøk på å avskjere hovudvegen mellom Madrid og Valencia og isolere den republikanske hovudstaden. Nasjonaliststyrkane leia av den spanske framandlegionen og marokkanske soldatar ( Regulares) i den afrikanske armeen vart møtt av styrkar frå Republikken, inkludert den 15. internasjonale brigaden. Den 15. brigaden bestod av både britiske og amerikanske frivillige. Trass store tap klarte republikanarane å stoppe nasjonalistane like før dei nådde målet sitt. Det følgde ein periode med skyttargravskrig før fronten stabiliserte seg. Slaget kosta begge sider totalt opp mot 45 000 liv.

Other Languages
svenska: Jarama
aragonés: Río Jarama
беларуская: Харама
català: Jarama
Чӑвашла: Харама
čeština: Jarama
Deutsch: Jarama
English: Jarama
español: Río Jarama
Esperanto: Ĥaramo
euskara: Jarama
فارسی: جارما
français: Jarama
galego: Río Jarama
italiano: Jarama
ქართული: ხარამა
Latina: Xarama
lietuvių: Charama
magyar: Jarama
Nederlands: Jarama
日本語: ハラマ川
polski: Jarama
português: Rio Jarama
русский: Харама
srpskohrvatski / српскохрватски: Jarama
suomi: Jarama
Türkçe: Jarama Nehri
українська: Харама
中文: 哈拉馬河