Jan Garbarek

Jan Garbarek
Jan Garbarek Operaen Oslo Jazzfestival (185843).jpg
Jan Garbarek på scena i Oslo Operahus i 2016
Foto: Tore Sætre
Fødd 4. mars 1947
Momarken, Mysen
Instrument saksofonar
Sjanger nordisk jazz
Plateselskap ECM
Nettstad www.garbarek.com

Jan Garbarek (fødd  4. mars  1947) er ein norsk jazzmusikar og komponist, fødd på Mysen i Eidsberg i Østfold. Garbarek er av mange rekna for å vere Noregs fremste jazzmusikar internasjonalt, og er ein av hovudarkitektane bak ordlyden nordisk jazz.

Musikk

Jan Garbarek speler i hovudsak tenorsaksofon og sopransaksofon. I seinare tid har han utvida instrumentrepertoaret kraftig. Med inspirasjon frå mange ulike musikalske stilartar har han utvikla ein eigen, lett kjenneleg personleg klang.

Inspirert av John Coltrane lærde Garbarek seg å spele tenorsaksofon som 14-åring. I 1962 vann han noregsmeisterskapen for amatørmusikarar. Han fekk både solistprisen og førstepremien med eigen kvartett. [1]

I 1960-åra spelte han blant anna saman med Karin Krog og George Russel. Dette hadde stor påverknad på den musikalske utviklinga hans.

Det første soloalbumet hans heitte Til Vigdis og kom i 1967. Plata vart ingen salssuksess. LP-ar var på den tida kostbare for folk flest, ho kosta kr 36,50. I dag er plata av dei mest etterspurde på bruktmarknadane i USA og Japan. [2] I 1970 innleia Garbarek et samarbeid med den tyske produsenten Manfred Eicher og plateselskapet hans, ECM. Det er på dette selskapet at dei mest sentrale innspelingane til Garbarek er gjevne ut, med Afric pepperbird som den første. For ECM er Garbarek blitt eitt av dei viktigaste namna.

Garbarek blei verdskjend etter å ha vore med i den europeiske kvartetten til Keith Jarrett. Deretter tok han til å peika seg ut på eigenhand.

Han har samarbeida med ei rekke musikarar, som Mari Boine, Gary Peacock, Miroslav Vitouš, Zakir Hussain, Charlie Haden, Egberto Gismonti, Nana Vasconcelos, Terje Rypdal, Jon Christensen og diktaren Jan Erik Vold. Jan Garbarek har óg laga musikk til film, teater og ballett.

Other Languages
svenska: Jan Garbarek
Afrikaans: Jan Garbarek
العربية: يان غاربارك
azərbaycanca: Jan Qarbarek
български: Ян Гарбарек
čeština: Jan Garbarek
Deutsch: Jan Garbarek
English: Jan Garbarek
español: Jan Garbarek
français: Jan Garbarek
italiano: Jan Garbarek
עברית: יאן גרברק
magyar: Jan Garbarek
Nederlands: Jan Garbarek
polski: Jan Garbarek
português: Jan Garbarek
română: Jan Garbarek
русский: Гарбарек, Ян
slovenčina: Jan Garbarek
Türkçe: Jan Garbarek
українська: Ян Ґарбарек