Jaktstart

Jaktstart er ei tevlingsform der startrekkjefølgjen i siste delen er bestemt av resultata i tidlegare delar.[1]Deltakaren med best resultat i den tidlegare deltevlinga starter først i jaktstarten, deretter følgjer nestemann ut frå si tidlegare resultattid og så vidare. Vinnaren er den som går først over målstreken.

Jaktstart blir mellom anna brukt i langrenn, skiskyting og orientering. I tillegg bruker ein Gunder-metoden i kombinert, der tidsdifferansene blir rekna ut frå poengsummen i hopprennet.[1]

I langrenn på verdscup- og meisterskapsnivå blei jaktstart nytta fram til 2002.[1] For herrar blei det vanlegvis gått 10 km i klassisk stil, som blei brukt som utgangspunkt for 15 km jaktstart i fristil. Jaktstarten er no erstattet av ei øving med fellesstart, der løparane bytter utstyr og stilart midtvegs. Denne øvinga blir kalla skiatlon eller duatlon.

I skiskyting blir jaktstarten oftast arrangert med utgangspunkt i sprinten. Resultat fra normaldistansen (20km/15km) blir av og til brukt, då blir tidsdifferansene halvert før jaktstarten.

  • kjelder

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 Bryhn, Rolf (6. juni 2012), «Jaktstart», Store norske leksikon, henta 17. mars 2017 
Other Languages