Jacopo da Pontormo

Maria bodskapsdag, 1528/29

Jacopo Carrucci ( 24. mai  14942. januar  1557), betre kjend som Jacopo da Pontormo eller berre il Pontormo, var ein italiensk kunstmålar, ein av dei tidlege og mest framståande av dei florentinske manieristane. [1]

Liv og gjerning

Carrucci var fødd i Pontormo, ein by nær Empoli. Tilnamet fekk han etter fødebyen, slik brukvisa ofte var i samtida. Han vart opplært målar i den florentinske stilen, rimeleg sikkert av Andrea del Sarto og truleg av Leonardo da Vinci og Piero di Cosimo. Pontormo slo gjennom med utsmykkinga av Mediciane sin villa i Poggio a Caiano, i nærleiken av Firenze. I 1523 måla han ei rad freskar med motiv frå lidingssoga til Jesus Kristus.

Pontormos litt kantete teikningar med påverkand frå Michelangelo og Dürers grafikk, og hans uvanlege bruk av fargar, kjem særleg fram i hovudverket Gravleggjinga (1525-28). Biletet Kvinne med hund frå 1532 viser den manieristiske portrettstilen hans. Pontrmo er også kjend for si gåverike teikning. [1]

Rosso Fiorentino var ein rivalane hans, medan Agnolo Bronzino var hans elev og etterfølgjar.

Other Languages
dansk: Pontormo
العربية: بونتورمو
беларуская: Панторма
беларуская (тарашкевіца)‎: Панторма
български: Понтормо
català: Pontormo
eesti: Pontormo
emiliàn e rumagnòl: Pontormo
English: Pontormo
español: Pontormo
euskara: Pontormo
فارسی: پونتورمو
français: Pontormo
hrvatski: Pontormo
italiano: Pontormo
Kurdî: Pontormo
lietuvių: Pontormas
Nederlands: Jacopo da Pontormo
Piemontèis: Pontormo
português: Pontormo
русский: Понтормо
Scots: Pontormo
slovenčina: Pontormo
srpskohrvatski / српскохрватски: Pontormo
suomi: Pontormo
українська: Якопо Понтормо
West-Vlams: Pontormo
中文: 蓬托莫