Investiturstriden

Ein mellomalderkonge set inn ein biskop med symbola bispedømet hans. Av Philip Van Ness Myers, 1905

Investiturstriden[1] var den viktigaste konflikta mellom kyrkje og stat i mellomalderens Europa. På 1000- og 1100-talet utfordra ei rekkje pavar den kontrollen som europeiske monarki (inkludert keisaren av Det tysk-romerske riket) hadde over innsetjinga av personar i kyrkjelege embete, til dømes biskopar og abbedar. Sjølv om striden primært starta i 1075 (mellom pave Gregor VII og keisar Henrik IV), var det også ein kort, men signifikant, strid mellom kong Henrik I av England of pave Paschalis II, i åra 1103 til 1107,[2] samstundes som saka også spelte ei mindre rolle i konflikten mellom kyrkja og staten i Frankrike. Striden vart løyst ved Wormskonkordatet i 1122, der keisaren fekk behalde ei grad av kontroll over valet, medan paven i siste instans sette personen inn som biskop. Avtalen vart stadfesta året etter, av det fyrste Laterankonsilet. Ordet 'investitur' viser til den symbolske høgtidlege innsetjinga av en person i eit kyrkjeleg embete, der kandidaten (t.d. ein biskop) får overgjeve (eng. is invested with) symbola for embetet sitt (td. bispering og bispestav). Ordet kjem av det latinske investio som tyder ‘å kle/dekkje.’

Fordi denne striden undergravde keisarmakta, førte konflikten til nærast 50 år med tysk borgarkrig, som førte til at dei store fyrstane og abbedane i Tyskland gjekk av med sigeren, før keisarmakta igjen vart etablert under Hohenstaufen-huset.

Other Languages
Afrikaans: Investituurstryd
Alemannisch: Investiturstreit
العربية: نزاع التنصيب
한국어: 서임권 투쟁
Bahasa Indonesia: Kontroversi Penobatan
Nederlands: Investituurstrijd
日本語: 叙任権闘争
Simple English: Investiture Controversy
slovenčina: Boj o investitúru
slovenščina: Investiturni boj
srpskohrvatski / српскохрватски: Borba za investituru