I Want to Hold Your Hand

«I Want to Hold Your Hand»
Singel av The Beatles
frå albumet Meet the Beatles! (USA)
Berre singel i Europa
B-side«This Boy» (UK)
«I Saw Her Standing There» (USA)
Utgjeve29. november 1963
InnspeltAbbey Road den 17. oktober 1963
SjangerRock
Lengd2:24
SelskapParlophone R5084 (UK)
Capitol Records 5112 (US)
Låtskrivar(ar)Lennon/McCartney
ProdusentGeorge Martin
The Beatles-kronologi
«She Loves You»
(1963)
«I Want to Hold Your Hand»«Can’t Buy Me Love»
(1964)


«I Want to Hold Your Hand» er ein song av The Beatles skriven av John Lennon og Paul McCartney. Han vart spelt inn i oktober 1963 og var den første Beatles spelte inn med firespors-opptakar. McCartney og Lennon hadde ikkje ein spesifikk inspirasjon for songen, men fekk instruksjonar frå mangager Brian Epstein om å skrive ein song for den amerikanske marknaden.[1]

«I Want to Hold Your Hand» var den første Beatles-songen som gjekk heilt til topps på den amerikanske singellista Billboard Hot 100 og starta med det den britiske invasjonen på dei amerikanske musikklistene. Han gjekk òg til topps i Storbritannia, Tyskland og Canada. I Noreg låg singelen tre veker på førsteplassen av VG-lista og totalt 12 veker inne på Topp 10. Det vart alt bestilt ein million eksemplar i det same han kom ut og singelen vart den mestseljande singelen til Beatles på verdsbasis.[2]

Other Languages