Hypnose

Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
«Hypnotisk seanse» av Richard Bergh, 1887

Hypnose (frå gresk hypnos, søvn) er ein tilstand som er definert som sum av fem punkt i Rainville og Price (2003):

  1. Kjensla av mental avslapning. Ikkje det same som fysisk avspenning
  2. Merksemda er fokusert og fiksert på eitt eller nokre få mål
  3. Ei redusert vurdering, monitorering og sensurering
  4. Endring i opplevinga av tid og stad, og endra sjølvoppleving
  5. Eigne responsar opplevast som automatiske, det vil seia at dei kjem utan ein intensjon eller anstrengelse

I dag kan hypnotisk tilstand stadfestast ved hjelp av hjerneskanning hos kvalifisert helsepersonell.[][1]


Hypnotisering (å driva ein person inn i ein hypnose) vert brukt i hypnoterapi, og tilhøyrer eit fåtall av metodar innan psykoterapi som er vitskapleg belagt og akseptert som effektive. I Noreg var det i samsvar med straffeloven av 1902 § 364, inntil 1. oktober 2015 forbode å praktisera det å hypnotisera for dei som ikkje er leger eller psykologar.[2] Straffeloven 2005 har ikkje noko slikt forbod.

Historie

Hypnotisering har truleg vorte brukt tidleg i historia til menneskja. Det finst beretninger om kultiske handlingar i sjamanismen som absolutt har samanheng med å driva folk inn i hypnose ved hjelp av sjølv- eller fremmedsuggesjon. Ein kan difor gå frå ut at hynose vart tilfeldig oppdaga, og har utgangspunkt i meditative og kultiske handlingar med eit religiøst utgangspunkt. Ein kan difor spekulera i om hypnotisera har vorte utvikla med utgangspunkt i massepsykologiske manipulasjonar i religiøse eller kultiske ritar, og i røynsler med sjølvmeditasjon hos prestar, medisinmenn og sjamanar.

Vitskapleg oppdaging av hypnose byrja rundt 1770 av Franz Anton Mesmer (1734–1815). Han eksperimenterte med magnetar, som han la på pasientane. Han kalla effekten 'Magnetismus animalis', og tilskrev magnetane den lækjande eigenskapen. På grunn av Mesmers popularitet, kalla ein denne forløperen til hypnose «mesmerisering», eit uttrykk som framleis eksisterer i engelsk.

James Braid, skotsk lege, reknast som opphavsmannen til begripen hypnose. Han forklarte hypnose som ein innsnevring av medvitet og ei sterk konsentrert merksemd, etter å ha observert at menneske i denne tilstanden ikkje vart påverka av deres omgivnader. Han gav denne tilstanden av «nervesøvn» namnet hypnose etter den greske guden for søvn, Hypnos.

I det 19. århundret var Frankrike leiande innan hypnoseforskinga, med Nancyskolen (Ambroise-Auguste Liebeault, Hippolyte Bernheim) og Paris (Jean-Martin Charcot).

Sigmund Freud (1856–1939) vart oppmerksam på Mesmers eksperiment då han i 1885 studerte under nevrologen Jean-Martin Charcot i Paris. Han byrja sjølv å bruka Mesmers metodar i handsaminga av sina pasientar, og detta vart seinare utgangspunkt for studia av hysteri. Seinare droppa han desse teknikkane til fordel for sin eigen teknikk med frie assosiasjonar.

I den tyske tradisjonen vart hypnotiseringsteknikkene vidareutvikla gjennom det 20. århundret blant andre av hjerneforskaren Oscar Vogt, og av hans elev Johannes Heinrich Schultz som utvikla teknikken autogen trening. I den amerikanske tradisjonen vart forskinga leidd av Milton Erickson. Erickson grunnla ei ny form for hypnoterapi, som i dag går for å vera den meste moderne forma for hypnotisering.[ ] Mal:Hvem Fleire nye hypnotiseringsmetoder har utvikla seg etter Ericksons prinsipp, til dømes NLP (Nevrolingvistisk programmering).

Other Languages
norsk: Hypnose
svenska: Hypnos
dansk: Hypnose
Afrikaans: Hipnose
Ænglisc: Oferswefn
العربية: تنويم إيحائي
asturianu: Hipnosis
azərbaycanca: Hipnoz
বাংলা: সম্মোহন
беларуская: Гіпноз
беларуская (тарашкевіца)‎: Гіпноз
български: Хипноза
bosanski: Hipnoza
català: Hipnosi
čeština: Hypnóza
Cymraeg: Hypnosis
Deutsch: Hypnose
eesti: Hüpnoos
English: Hypnosis
español: Hipnosis
Esperanto: Hipnoto
euskara: Hipnosi
فارسی: هیپنوتیزم
français: Hypnose
Frysk: Hypnoaze
Gaeilge: Hiopnóis
galego: Hipnose
한국어: 최면
Հայերեն: Հիպնոս
हिन्दी: सम्मोहन
hrvatski: Hipnoza
Bahasa Indonesia: Hipnosis
italiano: Ipnosi
עברית: היפנוזה
ქართული: ჰიპნოზი
қазақша: Гипноз
Кыргызча: Гипноз
Latina: Hypnosis
latviešu: Hipnoze
lietuvių: Hipnozė
magyar: Hipnózis
македонски: Хипноза
Bahasa Melayu: Hipnosis
မြန်မာဘာသာ: စိတ်ညှို့ပညာ
Nederlands: Hypnose
日本語: 催眠
occitan: Ipnòsi
oʻzbekcha/ўзбекча: Gipnoz
polski: Hipnoza
português: Hipnose
română: Hipnoză
русский: Гипноз
shqip: Hipnoza
සිංහල: මෝහනය
Simple English: Hypnosis
slovenčina: Hypnóza
slovenščina: Hipnoza
српски / srpski: Хипноза
srpskohrvatski / српскохрватски: Hipnoza
suomi: Hypnoosi
Tagalog: Hipnosis
తెలుగు: హిప్నాటిజం
Türkçe: Hipnoz
українська: Гіпноз
Tiếng Việt: Thôi miên
ייִדיש: היפנאזיע
中文: 催眠