Hayden White

Hayden V. White (12. juli 19285. mars 2018) var ein historiefilosof frå US-Amerika som var professor ved University of California i Santa Cruz. White er særleg kjend for si inndeling av historieskriving i fire ulike typar, basert på litterære kriterium.

Liv og gjerning

White vart utdanna ved Wayne State University fram til 1951, og ved University of Michigan til 1956. Han avviste den rådande historiefilosofien i USA, med si vektlegging av kausalitet. I staden skulle ein gå tilbake til studiet av det historiske dokumentet, som han meinte hadde vorte forvist til fordel for studiar av andre historiefilosofiar. Han hevda historikarane hadde vorte språkskeptikarar, tvilande til sin eigen ordbruk.

I verket Metahistory frå 1973 førte White bruken av tropar i lingvistisk forstand vidare; til ein generell diskursiv stil som han fann låg under ein kvar historikars arbeid. Historiografien i kvar ein epoke var underlagd ein særleg trope. Metaforen er kanskje den mest anvendelege tropen.

White gjekk i 1975 til sak mot politisjefen i Los Angeles, som han skulda for ulovleg bruk av offentlege midlar nytta til å overvake aktiviteten ved universitetet. White fekk medhald, noko som sette grensene for kva som er lovleg politisk overvaking i staten California.

Other Languages
беларуская: Хейдэн Уайт
беларуская (тарашкевіца)‎: Гэйдэн Ўайт
български: Хейдън Уайт
català: Hayden White
čeština: Hayden White
Deutsch: Hayden White
English: Hayden White
español: Hayden White
فارسی: هیدن وایت
français: Hayden White
italiano: Hayden White
magyar: Hayden White
Nederlands: Hayden White
polski: Hayden White
português: Hayden White
română: Hayden White
русский: Уайт, Хейден
Simple English: Hayden White
Türkçe: Hayden White
українська: Гайден Вайт