Haukefamilien

Haukefamilien


Kongeørn
Kongeørn

Systematikk
Rike:Animalia
Rekkje:Chordata
Klasse:Aves
Orden:Accipitriformes
Familie:Accipitridae
Vitskapleg namn
Accipitridae
Vieillot, 1816

Haukefamilien, Accipitridae, er den store biologiske familien i ordenen Accipitriformes, haukefuglar. Den andre store gruppa av rovfuglar er ordenen Falconiformes, falkefuglar. Haukefamilien samlar små til store fuglar med sterkt bøygd nebb og morfologi varierande med diett. Dei lever av ei rekkje byttedyr frå insekt til mellomstore pattedyr, mange et på åtsel og eit par beitar på frukt. Accipitridae har ei kosmopolitisk utbreiing, som finst på alle kontinent unntatt Antarktis og på ei rekkje øygrupper til havs. Nokre artar er trekkfuglar.

Mange kjende fuglar som haukar, ørner, glentar, kjerrhaukar og gribbar er inkludert i denne gruppa. Fiskeørn er vanlegvis plassert i ein eigen familie (Pandionidae), likeins sekretærfugl i Sagittariidae. Kondorar, familien Cathartidae, er vanlegvis no betrakta som sin eigen orden.

Morfologi

Portrett av ei kvithovudørn viser det kraftige bøygde nebbet og cere som dekkjer nebbrota.
Foto: Adrian Pingstone

Haukefamilien er ein mangfaldig familie der artane har stor variasjon i storleik og form. Dei varierer i storleik frå små perleglente og dverghauk, som begge er 23 centimeter i lengd og veg ca. 85 gram, til munkegribb, som måler opp til 120 cm og veg opptil 14 kg. Inntil 1300-talet vart jamvel munkegribb forbigått av den utdøydde Haast's Eagle ( Harpagornis moorei) på New Zealand, som er estimert til å ha målt opp til 140 cm og vog opp til 20 kg.[1] Dei fleste i haukefamilien viser kjønnsdimorfisme i storleik, men uvanleg for fuglar er det hoene som er større enn hannane.[2] Denne kjønnsskilnaden i storleik er mest tydeleg blant aktive artar som jaktar fugl, som Accipiter-haukar, der skilnaden i storleik i gjennomsnitt er 25-50 %. Blant eit fleirtal av artar er skilnaden mindre, vanlegvis mellom 5 % til 25 %. Blant åtseletande gribbar og snigeletande glentar, er skilnaden nesten ikkje-eksisterande.[3]

Nebbet på fuglar i haukefamilien er kraftige, bøygde, nokre gonger ekstremt bøygde, som hos kroknebbglente eller snigelglente. Nokre artar har eit hakk eller «tann» i sidekanten av overnebbet. Oversida av nebbrota er dekt av ein kjøttfull membran kalla «cere» som vanlegvis er gul i farga. Artar som jaktar store pattedyr har tjukk og sterk tars, og slangeørner har tjukke skjel for å verne mot bitt.

Fjørdrakta blant Accipitridae kan vere slåande, men er sjeldan i lyse farger, dei fleste fuglane er i kombinasjonar av grått, gulbrunt og brunt.[4] Men alt i alt er fargene bleikare på undersida slik at dei blir mindre iaugefallande mot himmelen sett nedanfrå. Det er sjeldan ulikskap i fjørdrakta mellom kjønna, og når det skjer er hannane lysare enn hoene eller hoene liknar ungfuglar. Blant mange artar har ungfuglar ein distinkt, ulik fjørdrakt. Fleire artar har fjørtopp brukt til signalering, og sjølv artar utan toppar kan heve fjører på krona når dei blir skremt eller opphissa. I kontrast til dette har dei fleste gribbar heilt nakne hovud utan fjører. Det trur ein hindrar tilsøling på fjører når dei beita på kadaver, og det hjelper i termoregulering.[5]

Sansane hos Accipitridae er tilpassa jakt eller kadavereting, og dei har eit særmerkt godt syn. Synet blant nokre haukar og ørner er opp til 8 gonger betre enn hos menneske. Store auge med to fovea gjev kikkertsyn og eit «haukauge» for vurdere rørsler og avstand. Auga er røyrforma og kan ikkje røre seg mykje i augehola. I tillegg til utmerkt syn, har mange artar òg utmerkt høyrsle, men i motsetnad til hos ugler er synet vanlegvis den viktigaste sansen som blir brukt til jakt. Høyrsle kan brukast til å lokalisere byttedyr skjult i vegetasjonen, men synet blir likevel brukt til å fange byttedyret. Generelt har fuglar i haukefamilien ein dårleg luktesans, sjølv gribbar gjer ikkje bruk av luktesans for å finne åtsel, i motsetnad til kondorane i Amerika.

Other Languages
العربية: بازية
aragonés: Accipitridae
asturianu: Accipitridae
Avañe'ẽ: Taguato jukaha
azərbaycanca: Qırğılar
беларуская: Ястрабіныя
беларуская (тарашкевіца)‎: Ястрабіныя
български: Ястребови
brezhoneg: Accipitridae
català: Accipítrids
Cebuano: Accipitridae
čeština: Jestřábovití
davvisámegiella: Hávuhat
Deutsch: Habichtartige
English: Accipitridae
español: Accipitridae
Esperanto: Akcipitredoj
euskara: Accipitridae
فارسی: قوشیان
français: Accipitridae
한국어: 수리과
hrvatski: Jastrebovi
interlingua: Accipitridae
italiano: Accipitridae
עברית: נציים
ქართული: ქორისებრნი
Latina: Accipitridae
latviešu: Vanagu dzimta
lietuvių: Vanaginiai
македонски: Јастреби
Bahasa Melayu: Accipitridae
Nederlands: Havikachtigen
日本語: タカ科
Nordfriisk: Hanjügern
occitan: Accipitridae
oʻzbekcha/ўзбекча: Qarchigʻaysimonlar
پنجابی: الاں
português: Accipitridae
română: Accipitridae
русиньскый: Ястрябовы
русский: Ястребиные
Simple English: Accipitridae
slovenčina: Jastrabovité
کوردی: هەڵۆیان
srpskohrvatski / српскохрватски: Jastrebovi
suomi: Haukat
Tagalog: Accipitridae
татарча/tatarça: Карчыга кошлар
Türkçe: Atmacagiller
українська: Яструбові
Tiếng Việt: Họ Ưng
Winaray: Accipitridae
粵語: 鷹科
žemaitėška: Vanags
中文: 鹰科