Hans-Peter Briegel

Hans-Peter Briegel
6633 Hans Peter Briegel.JPG
Fødd11. oktober 1955
Rodenbach

Hans-Peter Briegel (fødd 11. oktober 1955) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Rodenbach i Rheinland-Pfalz. Han vart europameister med Vest-Tyskland i 1980, og spelte på dei vesttyske laga som tok seg til finalen både under VM 1982 og VM 1986.

Klubbspel

Briegel var aktiv på FC Kaiserslautern i heimlandet frå 1975 til -84. Sommaren 1984 vart han overført til italienske Hellas Verona. Allereie i sin fyrste sesong var han med på ein historisk triumf, ettersom laget frå Verona for fyrste og hittil (2017) einaste gong sikra seg ein scudetto, den italienske seriemeistertittelen. Vel eitt år seinare gjekk turen til Sampdoria og to sesongar i laget frå Genova. Han avslutta karrieren med å verte italiensk cupmeister, skåra til og med det fyrste målet i den fyrste av dei to finalekampane.

Landslagsspel

Briegel var vesttysk landslagsspelar frå 1979 til -86. I desse åra spelte han 72 landskampar og skåra fire mål. Han var på bana både under EM-finalen 1980 og VM-finalane 1982 og 1986. I 1980 vart det vesttysk finalesiger 2-1 mot Belgia, ein meisterskap der Briegel fekk venstreback-plassen på det såkalla Alls Star Team i EM. Sidan kom tap i begge VM-finalane, fyrst mot Italia i 1982 og så mot Argentina i 1986. Også i 1984 var Briegel på Vest-Tysklands lag i fotball-EM.

Merittar

  • Europameister: 1980 med Vest-Tyskland
  • VM-sølv: 1982 og 1986 med Vest-Tyskland
  • Italiensk seriemeister: 1985 med Verona
  • Italiensk cupmeister: 1988 med Sampdoria
Other Languages