Handball-EM 2008 for kvinner

Europameisterskapen i handball 2008 for kvinner, den 8. i rekka, vart avvikla i tida 2. til 14. desember 2008 i Makedonia. Til saman 16 land deltok i turneringa. Kampane fann stad i byane Ohrid og Skopje. Noreg sikra seg europameisterpokalen for tredje gong i rad då laget vann finalen mot Spania med 34 mål mot 21.

Kristine Lunde var kåra til meisterskapens beste spelar og fekk plass på all-star-laget saman med systera, målvakta Katrine Lunde, Tonje Larsen på venstre rykkrom og Linn-Kristin Riegelhuth på høgrekanten. Riegelhuth vart med sine 51 mål toppskårar i meisterskapen.

Other Languages