Høgtysk

Denne artikkelen handlar om dialektgruppa. For det tyske standardspråket, sjå tysk.
høgtyske språkområdet, delt inn i overtysk (grønt) og middeltysk (blått), skil seg frå det nedertyske språkområdet (gult) mellom anna gjennom den høgtyske konsonantforskyvinga.

Høgtysk (Hochdeutsch) er ei lingvistisk nemning på ei gruppe tyske dialektar frå dei høgareliggjande tyske områda, ein motsetnad til nedertysk. Høgtysk er utgangspunkt for tysk skriftspråk og det tyske standardspråket (Hochsprache). Det skil seg særleg frå nedertysk gjennom den høgtyske lydforskyvinga som fann stad frå rundt 600.[1]

Inndeling

Høgtysk er eit samleomgrep for alle tyske dialekter som ikke er nedertyske og kan delast inn i desse dialektgruppene:

  • Mellomtysk (Mitteldeutsch)
    • mellomfrankisk (inkl. letzeburgesch)
    • rhinfrankisk
    • thüringisk
    • austmellomtysk
    • høgprøyssisk (utdøydd/utdøyande)
  • Overtysk (Oberdeutsch)
    • frankisk (også ført som eiga dialektgruppe i overgangen mellom mellom- og overtysk)
    • alemannisk
    • bairisk
Other Languages