Grammy Award

Grammy Award (Grammy) er ein amerikansk musikkpris som blir delt ut årleg av The Recording Academy (ei samanslutning av personar i den amerikanske musikkindustrien).Prisen er blitt delt ut sidan 1959 for prestasjonar innan musikk som er blitt gjeven ut i USA året før.[1]Prisen blir delt ut kvart år i februar, og blir sett på som ein parallell til Academy Award (Oscarprisen) i film.

På same måte som ved Oscarprisen skjer utdelinga etter røyster frå dei med røysterett i Recording Academy, og ikkje på grunnlag av popularitet eller tal på selde plater. Utmerkinga har fått namn etter troféet som vinnarane mottar, ein forgylt miniatyr av ein gamaldags grammofon.

Talet på sjangrar og kategoriar ein deler ut prisar kan endra seg. I 2018 delte ein ut 84 prisar innan 30 ulike sjangrar.[1]Grammyprisen blir hovudsakleg delt ut til engelskspråkleg musikk. Det finst ein tilsvarande pris for songar på spansk eller portugisisk, Latin Grammy Award.

Historie

Grammy-prisen blei skipa etter arbeidet med Hollywood Walk of Fame i 1950-åra.[2][3] Folk som sat i Walk of Fame-komiteen for viktige personar innan musikkindustrien såg at ei rekkje leiande personar aldri ville få ei stjerne langs Hollywood Boulevard, og bestemte seg for å skipa ei utmerking for å heidra desse, tilsvarande Oscar- og Emmy-prisen. Dette var byrjinga på National Academy of Recording Arts and Sciences, seinare The Recording Academy.

Dei første prisane blei delte ut for musikk frå 1958. Dei fekk namnet Grammy etter grammofonen, Emile Berliner si oppfinning som hadde hatt ein sentral plass i musikkindustrien. Andre namneforslag var Eddie, til ære for Thomas Edison, oppfinnaren av fonografen.[4][5][6]

Den første prisutdelinga blei halden 4. mai 1959 på to stader samstundes - Beverly Hilton Hotel i Beverly Hills i California, og Park Sheraton Hotel i New York.[7] Ved denne tilstellinga blei det delt ut 28 prisar. Seinare har talet på prisar auka og endra seg, slik at det ei tid blei delt ut over 100 prisar.[8] Den andre prisutdelinga, som også blei halden i 1959, var den første som blei send på fjernsyn, men ikkje direktesend.[9] Den første direktesendingar av utdelinga fann stad ved den 13. prisutdelingari 1971.[10]

Other Languages
svenska: Grammy Award
Afrikaans: Grammy
العربية: جائزة غرامي
asturianu: Premios Grammy
azərbaycanca: Qremmi mükafatı
Bân-lâm-gú: Grammy Chióng
башҡортса: Грэмми
беларуская: Грэмі
беларуская (тарашкевіца)‎: Грэмі
български: Грами
brezhoneg: Grammy Awards
català: Premi Grammy
čeština: Cena Grammy
Chavacano de Zamboanga: Grammy
Cymraeg: Gwobr Grammy
Deutsch: Grammy Awards
Ελληνικά: Βραβείο Grammy
English: Grammy Award
español: Premios Grammy
Esperanto: Grammy Award
euskara: Grammy Sariak
føroyskt: Grammy Award
français: Grammy Awards
Gaeilge: Gradam Grammy
한국어: 그래미상
հայերեն: Գրեմմի
hrvatski: Grammy
Bahasa Indonesia: Penghargaan Grammy
italiano: Grammy Award
עברית: פרס גראמי
ქართული: გრემის ჯილდო
қазақша: Грэмми
Kiswahili: Grammy Awards
kurdî: Grammy
Кыргызча: Грэмми
latviešu: Grammy balva
Lëtzebuergesch: Grammy Award
magyar: Grammy-díj
македонски: Награди Греми
მარგალური: გრემი (ჯილდო)
مصرى: جرامى
Bahasa Melayu: Anugerah Grammy
မြန်မာဘာသာ: ဂရမ်မီဆု
Nederlands: Grammy Award
日本語: グラミー賞
oʻzbekcha/ўзбекча: Grammy
português: Grammy Award
qırımtatarca: Gremmi
română: Premiile Grammy
русский: Грэмми
саха тыла: Грэмми
Simple English: Grammy Award
slovenčina: Grammy Award
slovenščina: Nagrada Grammy
српски / srpski: Награда Греми
srpskohrvatski / српскохрватски: Grammy
Tagalog: Gawad Grammy
українська: Нагорода Греммі
Tiếng Việt: Giải Grammy
吴语: 格莱美奖
粵語: 格林美獎
中文: 葛萊美獎