Glarus-Alpane

Glarus-Alpane
fransk Alpes glaronaises, tysk Glarner Alpen
Fjellkjede
Braunwald Alps.jpg
Glarus-Alpane frå Braunwald
LandFlag of Switzerland.svg Sveits
KantonarGlarus, Uri, Graubünden, St. Gallen
Del avAlpane
Grensar tilUrner-Alpane, Dei lepontinske Alpane, Appenzelleralpane
Høgaste punktTödi
 - høgd3 614 moh
 - koordinatar
Dei sentrale Alpane (Glarus-Alpane er markert som Alpes glaronaises)
Dei sentrale Alpane (Glarus-Alpane er markert som Alpes glaronaises)
Wikimedia Commons: Glarner Alps

Glarus-Alpane er ei fjellkjede i det sentrale Sveits. Ho strekker seg frå Vorderrheindalen i søraust til Walensjøen og Klausenpasset i nord. Fjellkjeda grensar mot Uri-Alpane i vest, Lepontin-Alpane i sør og Appenzell-Alpane i nordaust. Fjelltoppane høyrer heime i kantonane Glarus, Graubünden, Sankt Gallen og Uri.

Høgste fjelltoppen er den 3 614 meter høge Tödi. I Glarus-Alpane finst elles mange fjelltoppar som er over 3 000 m, samt nokre isbrear. Glarus-Alpane har færre besøkande enn andre, meir kjende fjellparti i Vest-Alpane.

I dei austlege delane av Glarus-Alpane finst ei stor tektonisk forskuving som er teken med på UNESCOs verdsarvliste, grunna sitt geologiske særpreg (Swiss Tectonic Arena Sardona).

Other Languages
svenska: Glarner Alpen
Alemannisch: Glarner Alpen
беларуская: Гларнскія Альпы
Cebuano: Glarner Alpen
čeština: Glarnské Alpy
Deutsch: Glarner Alpen
English: Glarus Alps
español: Alpes de Glaris
italiano: Alpi Glaronesi
português: Alpes glaroneses
română: Alpii Glarus
українська: Гларнські Альпи
Tiếng Việt: Anpơ Glarus