Gjerdesmettfamilien

Gjerdesmettfamilien


KaktussmettCampylorhynchus brunneicapillus
Kaktussmett
Campylorhynchus brunneicapillus

Systematikk
Rike:Animalia
Rekkje:Chordata
Klasse:Aves
Orden:Passeriformes
Familie:Troglodytidae

Gjerdesmettfamilien er ein familie av sporvefuglar, ordenen passeriformes, Troglodytidae. Dette er ein familie med utbreiing i «den nye verda», eit unntak er gjerdesmett som lever i Eurasia inklusive Noreg. Dei rundt 80 artar av gjerdesmettar er spreidd på om lag 20 slekter.

Det vitskaplege namnet på familien kjem frå Troglodyte som tyder «dei som bur i hòl», og ymtar om tendensen som somme artar har til å søkje mat i mørke fjellsprekker. I hovudsak er dette artar av små og lite augefallande fuglar, men dei kan ha høge og ofte detaljrike songar. Dei har korte venger og eit kort nebb som peikar ned. Stjerten er kort og ofte oppreist for mange artar. Alle er insektetarar sjølv om enkelte kan supplere med vegetabilsk føde. Dei største artane særleg i slekta Campylorhynchus tar også virveldyr som for eksempel små øgler.

Gjerdesmettar varierer i storleik frå kvitbuksmett, med gjennomsnitt lengd under 10 centimeter og vekt 9 gram, til chiapassmett, med gjennomsnitt om lag 22 cm lengd og vekt 50 g. Fargene som dominerer er grå, brun, svart og kvit, og dei fleste artar kan vise andre farger, spesielt på stjert eller venger.

Dei ulike artane førekjem i eit breitt spekter av habitat, frå terreng med tørr, tynnvaksen skog til regnskog. Dei aller fleste artane lever nær bakken, men enkelte medlemmer av artar i Campylorhynchus og Odontorchilus er ofte funne oppe i lauvtaket. Nokre få artar, spesielt gjerdesmett og hussmett, er ofte knytt til menneske. Dei fleste artane er standfuglar, held til i Sentral- og Sør-Amerika heile året, men fåtalige tempererte artar migrerer vanlegvis til varmare klima om vinteren. Gjerdesmettar byggjer kuppelforma reir, og kan vere monogame eller polygame alt etter art. [Perrins, C. (1991)]

Artane i alvesmettfamilien og tornsmettfamilien (Australia) er ikkje relatert til gjerdesmettar.

Artsliste

Gjerdesmettar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Salpinctes

  • Steinursmett, Salpinctes obsoletus, Rock Wren, LC, Say, 1823

Slekt Microcerculus

  • Nattergalsmett, Microcerculus philomela, Nightingale Wren, LC, Salvin, 1861
  • Plystresmett, Microcerculus marginatus, Scaly-breasted Wren, LC, Sclater, 1855
  • Glissandosmett, Microcerculus ustulatus, Flutist Wren, LC, Salvin & Godman, 1883
  • Bandvengsmett, Microcerculus bambla, Wing-banded Wren, LC, Boddaert, 1783

Slekt Odontorchilus

  • Gråryggsmett, Odontorchilus branickii, Gray-mantled Wren, LC, Taczanowski & Berlepsch, 1885
  • Sotryggsmett, Odontorchilus cinereus, Tooth-billed Wren, NT, Pelzeln, 1868

Slekt Catherpes

  • Ravinesmett, Catherpes mexicanus, Canyon Wren, LC, Swainson, 1829

Slekt Hylorchilus

  • Smalnebbsmett, Hylorchilus sumichrasti, Sumichrast's Wren, NT, Lawrence, 1871
  • Karstsmett, Hylorchilus navai, Nava's Wren, VU, Crossin & Ely, 1973

Slekt Ferminia

  • Zapatasmett, Ferminia cerverai, Zapata Wren, EN, Barbour, 1926

Slekt Troglodytes

  • Hussmett, Troglodytes aedon, House Wren, LC, Vieillot, 1809
  • Falklandssmett, Troglodytes cobbi, Cobb's Wren
  • Socorrosmett, Troglodytes sissonii, Socorro Wren, NT, Grayson, 1868
  • Clarionsmett, Troglodytes tanneri, Clarion Wren, VU, Townsend, 1890
  • Rustbrynsmett, Troglodytes rufociliatus, Rufous-browed Wren, LC, Sharpe, 1881
  • Okersmett, Troglodytes ochraceus, Ochraceous Wren, LC, Ridgway, 1882
  • Andessmett, Troglodytes solstitialis, Mountain Wren, LC, Sclater, 1859
  • Santamartasmett, Troglodytes monticola, Santa Marta Wren, CR, Bangs, 1899
  • Tepuissmett, Troglodytes rufulus, Tepui Wren, LC, Cabanis, 1849
  • Gjerdesmett, Troglodytes troglodytes, Eurasian Wren, LC, Linné, 1758
  • manglar norsk namn, Troglodytes pacificus, Pacific Wren
  • manglar norsk namn, Troglodytes hiemalis, Winter Wren

Slekt Thryorchilus

  • Bambussmett, Thryorchilus browni, Timberline Wren, LC, Bangs, 1902

Slekt Cistothorus

  • Sivsmett, Cistothorus platensis, Sedge Wren, LC, Latham, 1790
  • Meridasmett, Cistothorus meridae, Merida Wren, LC, Hellmayr, 1907
  • Sumpsmett, Cistothorus apolinari, Apolinar's Wren, EN, Chapman, 1914
  • Myrsmett, Cistothorus palustris, Marsh Wren, LC, Wilson, 1807

Slekt Thryothorus

  • Karolinasmett, Thryothorus ludovicianus, Carolina Wren, LC, Latham, 1790

Slekt Thryomanes

  • Langhalesmett, Thryomanes bewickii, Bewick's Wren, LC, Audubon, 1827

Slekt Campylorhynchus

  • Kvithovudsmett, Campylorhynchus albobrunneus, White-headed Wren, LC, Lawrence, 1862
  • Bandryggsmett, Campylorhynchus zonatus, Band-backed Wren, LC, Lesson, 1832
  • Furusmett, Campylorhynchus megalopterus, Gray-barred Wren, LC, Lafresnaye, 1845
  • Chiapassmett, Campylorhynchus chiapensis, Giant Wren, LC, Salvin & Godman, 1891
  • Rustnakkesmett, Campylorhynchus rufinucha, Rufous-naped Wren, LC, Lesson, 1838
  • Eikesmett, Campylorhynchus gularis, Spotted Wren, LC, Sclater, 1861
  • Azteksmett, Campylorhynchus jocosus, Boucard's Wren, LC, Sclater, 1859
  • Yucatánsmett, Campylorhynchus yucatanicus, Yucatan Wren, NT, Hellmayr, 1934
  • Kaktussmett, Campylorhynchus brunneicapillus, Cactus Wren, LC, Lafresnaye, 1835
  • Spraglesmett, Campylorhynchus nuchalis, Stripe-backed Wren, LC, Cabanis, 1847
  • Sebrasmett, Campylorhynchus fasciatus, Fasciated Wren, LC, Swainson, 1837
  • Venezuelasmett, Campylorhynchus griseus, Bicolored Wren, LC, Swainson, 1837
  • Trastsmett, Campylorhynchus turdinus, Thrush-like Wren, LC, Wied, 1821

Slekt Pheugopedius

  • Sothovudsmett, Pheugopedius spadix, Sooty-headed Wren
  • Svartbuksmett, Pheugopedius fasciatoventris, Black-bellied Wren
  • Brunhalesmett, Pheugopedius euophrys, Plain-tailed Wren
  • Inkasmett, Pheugopedius eisenmanni, Inca Wren
  • Fjellskjeggsmett, Pheugopedius mystacalis, Whiskered Wren
  • Skjeggsmett, Pheugopedius genibarbis, Moustached Wren
  • Svartkinnsmett, Pheugopedius coraya, Coraya Wren
  • Rustbrystsmett, Pheugopedius rutilus, Rufous-breasted Wren
  • Flekkbrystsmett, Pheugopedius maculipectus, Spot-breasted Wren
  • Droplesmett, Pheugopedius sclateri, Speckle-breasted Wren
  • Jubelsmett, Pheugopedius felix, Happy Wren
  • Svartstrupesmett, Pheugopedius atrogularis, Black-throated Wren

Slekt Thryophilus

  • Sinaloasmett, Thryophilus sinaloa, Sinaloa Wren
  • Bandsmett, Thryophilus pleurostictus, Banded Wren
  • Rustryggsmett, Thryophilus rufalbus, Rufous-and-white Wren
  • manglar norsk namn, Thryophilus sernai, Antioquia Wren
  • Santandersmett, Thryophilus nicefori, Niceforo's Wren

Slekt Cantorchilus

  • Stripebrystsmett, Cantorchilus thoracicus, Stripe-breasted Wren
  • Strekstrupesmett, Cantorchilus leucopogon, Stripe-throated Wren
  • Kanelsmett, Cantorchilus modestus, Plain Wren
  • Elvesmett, Cantorchilus semibadius, Riverside Wren
  • Svartkronesmett, Cantorchilus nigricapillus, Bay Wren
  • Kvitbrynsmett, Cantorchilus superciliaris, Superciliated Wren
  • Okerbrystsmett, Cantorchilus leucotis, Buff-breasted Wren
  • Langnebbsmett, Cantorchilus longirostris, Long-billed Wren
  • Boliviasmett, Cantorchilus guarayanus, Fawn-breasted Wren
  • Gråsmett, Cantorchilus griseus, Gray Wren

Slekt Cinnycerthia

  • Rustsmett, Cinnycerthia unirufa, Rufous Wren, LC, Lafresnaye, 1840
  • Umbrasmett, Cinnycerthia olivascens, Sharpe's Wren, LC, Sharpe, 1881
  • Sepiasmett, Cinnycerthia peruana, Peruvian Wren, LC, Cabanis, 1873
  • Brunsmett, Cinnycerthia fulva, Fulvous Wren, LC, P.L. Sclater, 1874

Slekt Uropsila

  • Kvitbuksmett, Uropsila leucogastra, White-bellied Wren, LC, Goul, 1837

Slekt Henicorhina

  • Kvitbrystskogsmett, Henicorhina leucosticta, White-breasted Wood-Wren, LC, Cabanis, 1847
  • Bandskogsmett, Henicorhina leucoptera, Bar-winged Wood-Wren, NT, Fitzpatrick, Terborgh & Willard, 1977
  • Gråbrystskogsmett, Henicorhina leucophrys, Gray-breasted Wood-Wren, LC, Tschudi, 1844
  • Tåkeskogsmett, Henicorhina negreti, Munchique Wood-Wren, CR, Salaman, Coopmans, Donegan, Mulligan et al., 2003

Slekt Cyphorhinus

  • Kastanjebrystsmett, Cyphorhinus thoracicus, Chestnut-breasted Wren, LC, Tschudi, 1844
  • Songsmett, Cyphorhinus phaeocephalus, Song Wren, LC, Sclater, 1860
  • Orgelsmett, Cyphorhinus arada, Musician Wren, LC, Hermann, 1783
Other Languages
svenska: Gärdsmygar
dansk: Smutter
Ænglisc: Wrenna
العربية: نمنمة
asturianu: Troglodytidae
brezhoneg: Troglodytidae
català: Troglodítid
Cebuano: Troglodytidae
davvisámegiella: Bealgelottit
Deutsch: Zaunkönige
English: Wren
español: Troglodytidae
Esperanto: Trogloditedoj
euskara: Troglodytidae
français: Troglodytidae
Frysk: Tomkes
Gaeilge: Dreoilín
한국어: 굴뚝새류
हिन्दी: पिद्दी
Bahasa Indonesia: Wren
italiano: Troglodytidae
עברית: גדרוניים
қазақша: Үңгіректер
Кыргызча: Корголдойлор
lietuvių: Karetaitiniai
Bahasa Melayu: Burung ren
Nederlands: Winterkoningen
Nedersaksies: Troglodytidae
polski: Strzyżyki
português: Troglodytidae
Simple English: Wren
українська: Воловоочкові
Tiếng Việt: Họ Tiêu liêu
Winaray: Troglodytidae
中文: 鹪鹩科