Genetikk

Gregor Mendel er rekna for å ha gjeve opphav til den moderne genlæra.

Genetikk er læra om gen, arv og variasjon i levande organismar. Det plar å høyre til biologien, men kryssar ofte over i andre livsvitskapar og har mellom anna ei sterk tilknyting til læra om informasjonssystem.

Augustinarmunken Gregor Mendel vert ofte rekna som grunnleggjar av genetikken.[1] Han studerte genetisk arv ved å sjå korleis trekk passerte frå foreldre til avkom. Mendel merka seg at organismar arva trekk gjennom diskrete «arveeiningar». Omgrepet er framleis i bruk, men gendefinisjonen er noko tvitydig.

Mekanismane som ligg bak arven av genetiske trekk er framleis eit viktig prinsipp, men moderne genetikk har gjort det mogleg å studere funksjon og åtferd i spesifikke gen. Struktur, funksjon, variasjon og distribusjon av gen kan studerast i ulike kontekstar – inni cella, i organismen (t.d. dominans) eller i ein populasjon. Epigenetikk og populasjonsgenetikk er blant dei mange nye underfelta av genetikk. Genetikk studerer organismar i heile livsdomenet: bakteriar, planter, dyr og menneske.

Genetiske prosessar jobbar i kombinasjon med organismen sine omgjevnadar og erfaringar for å påverke utvikling og åtferd, ein dynamikk kjent som . Dei intra- og ekstracellulære tilstelnadane i celler og organismar kan skru gentranskripsjon av og på. Eit klassisk døme på dette er når to genetisk like frø vert plassert i to ulike klima, det eine i eit varmt klima og det andre i eit tørt. Snitthøgda skal i teorien vera like stor i dei to maisstilkane, men som følgje av manglande vatn og næringsstoff så vert den eine planta berre halvparten så høg.

Other Languages
norsk: Genetikk
svenska: Genetik
dansk: Genetik
Afrikaans: Genetika
Alemannisch: Genetik
አማርኛ: ሥነ ባህርይ
العربية: علم الوراثة
aragonés: Chenetica
asturianu: Xenética
azərbaycanca: Genetika
Bân-lâm-gú: Ûi-thoân-ha̍k
башҡортса: Генетика
беларуская: Генетыка
беларуская (тарашкевіца)‎: Генэтыка
български: Генетика
bosanski: Genetika
brezhoneg: Genetik
català: Genètica
čeština: Genetika
Cymraeg: Geneteg
Deutsch: Genetik
eesti: Geneetika
Ελληνικά: Γενετική
English: Genetics
español: Genética
Esperanto: Genetiko
estremeñu: Genética
euskara: Genetika
فارسی: ژنتیک
français: Génétique
Gàidhlig: Gintinneachd
galego: Xenética
한국어: 유전학
հայերեն: Գենետիկա
हिन्दी: आनुवंशिकी
hrvatski: Genetika
Bahasa Indonesia: Genetika
interlingua: Genetica
íslenska: Erfðafræði
italiano: Genetica
עברית: גנטיקה
Basa Jawa: Genetika
ქართული: გენეტიკა
қазақша: Генетика
Kiswahili: Jenetikia
Kreyòl ayisyen: Jenetik
kurdî: Genetîk
Кыргызча: Генетика
Latina: Genetica
latviešu: Ģenētika
Lëtzebuergesch: Genetik
lietuvių: Genetika
la .lojban.: ginske
magyar: Genetika
македонски: Генетика
Bahasa Melayu: Genetik
монгол: Генетик
မြန်မာဘာသာ: ဂျင်နက်တစ်ပညာ
Nederlands: Genetica
日本語: 遺伝学
Novial: Genetike
occitan: Genetica
oʻzbekcha/ўзбекча: Genetika
پنجابی: جینیٹکس
Patois: Jinetix
ភាសាខ្មែរ: ពន្ធុវិទ្យា
polski: Genetyka
português: Genética
română: Genetică
Runa Simi: Hinitika
русиньскый: Генетика
русский: Генетика
саха тыла: Генетика
Scots: Genetics
shqip: Gjenetika
Simple English: Genetics
slovenčina: Genetika
slovenščina: Genetika
српски / srpski: Генетика
srpskohrvatski / српскохрватски: Genetika
Basa Sunda: Génétika
Tagalog: Henetika
தமிழ்: மரபியல்
татарча/tatarça: Генетика
тоҷикӣ: Генетика
Türkçe: Genetik
тыва дыл: Генетика
українська: Генетика
اردو: جینیات
Tiếng Việt: Di truyền học
Winaray: Henetika
ייִדיש: גענעטיק
粵語: 遺傳學
Zazaki: Cênetik
中文: 遗传学
Lingua Franca Nova: Jenetica