Friedrich Engels

Denne artikkelen handlar om filosofen. For matematikaren, sjå Friedrich Engel.
Friedrich Engels
Friedrich Engels som prøyssisk soldat

Friedrich Engels ( 28. november  18205. august  1895) var ein tysk politisk tenkjar frå 1800-talet. Saman med partneren sin, Karl Marx, utvikla Engels den vitskaplege sosialismen, også kalla marxismen. Engels var medforfattar av Det kommunistiske manifestet, og redaktør av fleire band av Marx sitt hovudverk Das Kapital etter Marx var død.

Engels var fødd i Wuppertal i Preussen, i det noverande Tyskland, som eldste son av ein bedriftseigar. Som ung mann blei han send til England for å leie den bomulls fabrikken faren eigde i Manchester. Han blei sjokkert over den fattigdomen han såg, og skreiv ei skildring som blei utgitt i 1845 med den engelske tittelen Condition of the Working Class in England. Same året begynte Engels samarbeidet med Marx, da dei fann ut at begge hadde same synet på kapitalismen.

Engels levde ilag med ei irsk arbeidarklasse-kvinne som heitte Mary Burns til ho døydde, og sidan med søster hennar, Lizzie. Det er mogleg det var dei som introduserte han til arbeidar stemmerettsrørsla, chartistane. Engels var aktivt med i skipinga av Den kommunistiske ligaen i London i 1846. I 1847 begynte Marx og Engels arbeidet med Manifestet, som blei gitt ut i februar 1848.

Engels var aktivt med i 1848- revolusjonen, i Elberfeld og Baden i Tyskland. I 1849 måtte både han og Marx rømme frå Tyskland for godt, og dei flytta permanent til England. Engels vigde resten av livet sitt til å redigere og omsette Marx sine skrifter, og å hjelpe til med å utvikle arbeidarrørsla, ikkje minst i heimlandet, der det tyske sosialdemokratiske partiet voks raskt i siste delen av hundreåret. Engels meinte på slutten av livet sitt at legale arbeidsmåtar kunne vere minst like effektive som gateslag etter kvart som arbeidarrørsla styrkte seg.

Friedrich Engels døydde i London i 1895.

  • verk

Verk

Nokre av verka hans er:

Anti-Dühring, Naturdialektikken, Teser om Feuerbach, Opphavet til familien, privateigedomen og staten, Revolusjon og kontrarevolusjon i Tyskland, Den tyske ideologien (saman med Marx), Den heilage familien (saman med Marx), Bondekrigen i Tyskland.

Desse og andre tekstar av Engels kan ein finne her: Marxist.org

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Friedrich Engels
Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Friedrich Engels
Wikisource

Originaltekst av Friedrich Engels ved Wikisource.

Other Languages
aragonés: Friedrich Engels
asturianu: Friedrich Engels
azərbaycanca: Fridrix Engels
Bân-lâm-gú: Friedrich Engels
башҡортса: Фридрих Энгельс
беларуская: Фрыдрых Энгельс
беларуская (тарашкевіца)‎: Фрыдрых Энгельс
български: Фридрих Енгелс
brezhoneg: Friedrich Engels
čeština: Friedrich Engels
Esperanto: Friedrich Engels
français: Friedrich Engels
Gàidhlig: Friedrich Engels
客家語/Hak-kâ-ngî: Friedrich Engels
hornjoserbsce: Friedrich Engels
Bahasa Indonesia: Friedrich Engels
íslenska: Friedrich Engels
Basa Jawa: Friedrich Engels
Lëtzebuergesch: Friedrich Engels
lietuvių: Friedrich Engels
македонски: Фридрих Енгелс
მარგალური: ფრიდრიხ ენგელსი
Bahasa Melayu: Friedrich Engels
Nederlands: Friedrich Engels
oʻzbekcha/ўзбекча: Engels Fridrix
Piemontèis: Friedrich Engels
português: Friedrich Engels
rumantsch: Friedrich Engels
Runa Simi: Friedrich Engels
sicilianu: Friedrich Engels
Simple English: Friedrich Engels
slovenčina: Friedrich Engels
slovenščina: Friedrich Engels
српски / srpski: Фридрих Енгелс
srpskohrvatski / српскохрватски: Friedrich Engels
татарча/tatarça: Фридрих Энгельс
українська: Фрідріх Енгельс
Tiếng Việt: Friedrich Engels
粵語: 恩格斯