Folkeforbundet

Folkeforbundet (engelsk League of Nations, fransk société des Nations, tysk Völkerbund) var ein internasjonal organisasjon som vart skipa den 25. januar 1919 på fredskonferansen i Paris i 1919. Grunnlaget var del I av Versailles-traktaten etter første verdskrig. Tanken bak Folkeforbundet var å fremja militær avspenning og nedrusting. Fleire krigar skulle ein kunna unngå ved å ordna opp i usemje mellom ulike land. Målsetjinga var i alle høve å unngå ein ny verdskrig, av typen som nett hadde vore. Forbundet lukkast ikkje i å hindra andre verdskrig, men klarde å handtera nokre mindre konfliktar på 1920-talet. Folkeforbundet heldt sitt første møte den 10. januar 1920 og ratifiserte samtidig Versailles-traktaten. Slik var det ein offisiell slutt på første verdskrig. Den første generalforsamlinga vart skipa til i Genève den 15. november 1920. Forbundet oppløyste seg sjølv formelt den 18. april 1946. Arbeidet til Folkeforbundet vart ført vidare av dei sameinte nasjonane.Planen om å skipa eit folkeforbund var ein del av fleire framlegg frå presidenten i USA, Woodrow Wilson. Trass i dette gjekk ikkje USA med i Folkeforbundet.

  • sjå òg

Sjå òg

Other Languages
Afrikaans: Volkebond
العربية: عصبة الأمم
azərbaycanca: Millətlər Liqası
беларуская: Ліга Нацый
беларуская (тарашкевіца)‎: Ліга народаў
bosanski: Društvo naroda
Deutsch: Völkerbund
Esperanto: Ligo de Nacioj
euskara: Nazioen Liga
فارسی: جامعه ملل
Frysk: Folkebûn
한국어: 국제 연맹
հայերեն: Ազգերի լիգա
hrvatski: Liga naroda
Bahasa Indonesia: Liga Bangsa-Bangsa
къарачай-малкъар: Миллетлени Лигасы
ქართული: ერთა ლიგა
latviešu: Tautu Savienība
Lëtzebuergesch: Vëlkerbond
lietuvių: Tautų Sąjunga
Limburgs: Volkerbóndj
Bahasa Melayu: Liga Bangsa
Nederlands: Volkenbond
日本語: 国際連盟
oʻzbekcha/ўзбекча: Millatlar ligasi
русиньскый: Лига Народох
русский: Лига Наций
Simple English: League of Nations
slovenščina: Društvo narodov
Soomaaliga: Midowga Umadaha
српски / srpski: Друштво народа
srpskohrvatski / српскохрватски: Liga naroda
татарча/tatarça: Милләтләр Лигасы
українська: Ліга Націй
Tiếng Việt: Hội Quốc Liên
文言: 國際聯盟
ייִדיש: פעלקער-ליגע
粵語: 國際聯盟
中文: 國際聯盟