Fish

Fish
Fish 2007.jpg
Verkeleg namnDerek William Dick
AliasFish
Fødd25. april 1958 (60 år)
Dalkeith i Midlothian i Skottland
Instrument

Vokal, perkusjon

SjangerNeo-progressiv rock
Aktive år1981 til i dag
YrkeMusikar, songar-låtskrivar, skodespelar
Tilknytte artistarMarillion, Tony Banks, Ayreon
PlateselskapChocolate Frog, EMI, Polydor, Roadrunner, Voiceprint, Dick Bros.

Derek William Dick (fødd 25. april 1958) eller Fish, som er artistnamnet hans, er ein skotsk songar, skribent og skodespelar. Etter ein kort karriere som gartnar og skogarbeidar vart hans kjend som vokalist i bandet Marillion.

Karriere

Fish forlét Marillion hausten 1988. Bandet hadde vore igjennom ein eksplosiv vekst, og både Fish og bandet følte at suksessen kom til ein uakseptabel pris. Store interne gnissingar, fraksjonering innan band og management, personlege problem med alkohol og narkotika og eit sterkt press frå EMI, plateselskapet til bandet, gjorde at Fish til slutt valde å forlate bandet.

Trass i brotet med Marillion, var Fish kontraktsbunden til EMI. Solodebuten Vigil in a Wilderness of Mirrors kom difor ut på EMI vinteren 1990, og var både ein kommersiell og kritikarrost suksess. Trass i store salstal og høg mediaprofil, var Fish sterkt misnøgd med kontrakten han hadde med EMI. Denne kontrakten var laga med Fish for å handtere eventuelle solo-album han kunne utgje medan han framleis var å rekne som eit medlem av Marillion – økonomisk gav difor det store salet låg utteljing og kunstnarisk var han nøydd til å sjå på at EMI åtte rettane til åndsverket.

Konsekvensen var at Fish i 1990 difor måtte slite seg gjennom to vesentlege rettssaker, først ein runde i retten med Marillion der ein måtte bli samde om ein fordelingsnøkkel i tilhøve til inntekter frå dei Marillionplatene han hadde bidrege til (og der Fish òg fekk tilkjent eigarskapen til Marker Wilkinsons sine kunstneriske plateomslag), og dessutan ein lengre prosess der Fish freista å saksøkja EMI for å ha tvinga han til å gjennomføre ein kontrakt han sjølv meinte var urett. Dette enda med eit stort tap.

Fish knytte raskt kontakt med Polydor Records, men brukte nesten to år på å kome ut med det neste soloalbumet sitt, Internal Exile. Trass i at dette albumet såg Fish gjenforeint med produsenten Chris Kimsey (produsent for dei største suksessane til Marillion, Misplaced Childhood og Clutching at Straws) var albumet prega av ein artist som freista å omfamne for mange stilarter, som ein konsekvens virka Internal Exile uinspirert og den store suksessen uteblei. Polydor vart òg sitjande med store delar av kostnadene Fish tok med seg frå rettssaka mot EMI, og tilhøvet partane imellom surna. Fish valde difor å utgje ein CD med coverversjonar av 70-talslåter, Songs from the Mirror, for å kome seg ut av kontrakten.

Fish oppretta Dick Bros Record Company i 1993. Som logo for selskapet nytta han seg av firmalogoen til den gamle bensinen- og servicestasjonen til til familien i Haddington i Skottland.

Han slapp ein god del «offisielle bootleg»-album for å finansiere selskapet. Selskapet vart seinare selt til Roadrunner Records. Etter han selde selskapet til Roadrunner Records gjekk det ikkje så bra før han etablerte eit nytt selskap, Chocolate Frogs, i 2001.

Namnet «Fish» blir sagt å stamme frå fleire tilhøve. Sjølv fortel han at han som ungdom hadde for vane å tilbringe lange laurdagsettermiddagar i badet, frustrerte vener som venta på at han skulle bli ferdig byrja å lure på om han «...kanskje var ein fisk». Seinare har Fish òg fortalt at han som ungdom var særs oppteken av Chris Squire, bassist i legendariske Yes, som òg har kallenamnet «The Fish», Squire gav òg ut det legendariske soloalbumet «Fish Out of Water» på 70-talet. Det er difor lite som tyder på at det er kapasiteten til mannen for å drikke som har inspirert namnet.

Kanskje det største talentet til Fish er songtekstane hans. Dei introspektive songtekstane handlar ofte om personlege problem og kan i mange samanhengar kallast fin poesi. Nokre av dei nyare arbeida hans inneheld lange passasjar i songar der han pratar med musikken spelande i bakgrunnen. Slike passasjar finst i kortare (og færre) grad i songane hans med Marillion.

Plateomslaga på dei fire Marillion-albuma hans og dei fleste av soloalbuma hans er laga av kunstnaren Marker Wilkinson.

Other Languages
norsk: Fish
svenska: Fish
dansk: Fish
български: Фиш (певец)
čeština: Fish (zpěvák)
eesti: Fish
English: Fish (singer)
español: Fish
français: Fish (chanteur)
한국어: 피시 (가수)
italiano: Fish (cantante)
ქართული: ფიში
Nederlands: Fish (zanger)
português: Derek William Dick
русский: Fish
suomi: Fish
українська: Дерек Вільям Дік