Fatehpur Sikri

Fatehpur Sikri ( hindi फतेहपूर सिकरी, urdu فتحپور سیکری)
none  Moderne Fatehpur Sikri
Moderne Fatehpur Sikri
Land Flag of India.svg  India
Stat Uttar Pradesh
Folketal 28 754 (2001)
Wikimedia Commons: Fatehpur Sikri

Fatehpur Sikri ('Sigersbyen') er ein by med kring 30 000 innbyggjarar (1. januar 2004) i den indiske delstaten Uttar Pradesh. Byen ligg ca. 4 mil frå Agra. Han var den politiske hovedstaden i Mogulriket under Akbar den store i eit tidsrom på litt over ti år, frå 1571 til 1585. Dei historiske bygningene frå denne tida står på UNESCO si liste over verdsarv. Dei omfattar fine byggverk i mogulstil i raud sandstein, mellom anna ein av dei største moskeane i India, Djama-moskeen.

Akbar bestemte seg for å byggja byen i 1571 til ære for sjeik Salim Chisti, som hadde spådd at han ville få tre søner. Seinare forlét Akbar staden for å kjempa mot afghanarar, og flytta hovudstaden til Lahore. Mangel på vatn her var eit anna problem. Byen blei likevel brukt att i 1619, då Akbar sin son Djahangir tok tilflukt her under ein pest epidemi. Arkeologiske utgravingar av Fatehpur Sikri fann stad i 1892.

  • kjelder

Kjelder

Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å .
Other Languages
العربية: فتحبور سيكري
Bân-lâm-gú: Fatehpur Sikri
čeština: Fatehpur Sikrí
español: Fatehpur Sikri
Esperanto: Fatehpur Sikri
français: Fatehpur-Sikri
hrvatski: Fatehpur Sikri
বিষ্ণুপ্রিয়া মণিপুরী: ফতেহপুর সিক্রি
Bahasa Indonesia: Fatehpur Sikri
italiano: Fatehpur Sikri
Basa Jawa: Fatehpur Sikri
Kapampangan: Fatehpur Sikri
lietuvių: Fatehpur Sikris
Bahasa Melayu: Fatehpur Sikri
Baso Minangkabau: Fatehpur Sikri
Nederlands: Fatehpur Sikri
नेपाल भाषा: फतेहपुर सिक्री
português: Fatehpur Sikri
slovenčina: Fatéhpur Síkrí
српски / srpski: Фатехпур Сикри
srpskohrvatski / српскохрватски: Fatehpur Sikri
Türkçe: Fetihpur Sikri
українська: Фатехпур-Сікрі
Tiếng Việt: Fatehpur Sikri