Fado

Fado på måla portugisiske fliser.
Fadosongaren Mariza i 2008.
Ein fadosongar i Porto.

Fado er ein type portugisisk folkesong som vert dyrka i byane og er kjenneteikna av melankolske tekstar og melodiar. Fado kan til dømes skildra tema som smertefylt og ufullført kjærleik, sjalusi, sorg over dei som har døydd, lengting attende til farne tider, lengting etter heimlandet eller heimstaden, venting, vanskane ved å leve og så bortetter. Songane vert framførd av ein mann eller ei kvinne, akkompagnert av gitar og dobbeltstrenga portugisisk gitar.

Det finst to hovudstilar innanfor fado. Den eine hovudstilen skriv seg frå byen Lisboa, den andre frå byen Coimbra. Fadoen frå Coimbra er knytt til dei akademiske tradisjonane i denne byen (som har det eldste universitetet i den portugisisktalande parten av verda), og har som tema livet til studentane og tilhøva ved universitetet. Denne typen fado vert tradisjonelt berre sunge av menn. Fadoen frå Lisboa, som har opphav i dei folkelege stroka Alfama, Castelo, Mouraria, Bairro Alto, Madragoa, er generelt meir underhaldande i val av tema og dessutan meir gledefylt enn fadoen frå Coimbra, og vert tradisjonelt sunge av både kvinner og menn. Melodisk og lydleg skil fadoen frå Coimbra seg markant frå fadoen frå Lisboa, sjølv om musikkinstrumenta vanlegvis er dei same.

Fado er ført opp på SN-organisasjonen UNESCO si liste over meisterverka i den munnlege og immaterielle verdsarven.[1]

Kjende fado-utøvarar er mellom anna Amália Rodrigues, Dulce Pontes, Carlos do Carmo, Mariza, Mafalda Arnauth, António Zambujo, Ana Moura, Camané, Carminho, Mísia og Cristina Branco.

Kjelder

  1. «Fado, urban popular song of Portugal». UNESCO Culture Sector. Henta 2011-11-27. 
Other Languages
norsk: Fado
svenska: Fado
dansk: Fado
العربية: فادو
asturianu: Fado
azərbaycanca: Fadu
български: Фадо
català: Fado
čeština: Fado
Chavacano de Zamboanga: Fado
Deutsch: Fado
eesti: Fado
Ελληνικά: Φάντο
English: Fado
español: Fado
Esperanto: Fado
euskara: Fado
فارسی: فادو
français: Fado
Gàidhlig: Fado
galego: Fado
한국어: 파두
հայերեն: Ֆադու
hrvatski: Fado
Ido: Fado
íslenska: Fado
italiano: Fado
עברית: פאדו
lietuvių: Fado
magyar: Fado
Nederlands: Fado (muziek)
日本語: ファド
occitan: Fado
polski: Fado
português: Fado
română: Fado
русский: Фаду
српски / srpski: Фадо
srpskohrvatski / српскохрватски: Fado
suomi: Fado
Türkçe: Fado
українська: Фаду
Winaray: Fado
中文: 法朵