Etta James

Etta James
Etta James04.JPG
James i Frankrike i juli 1990
Verkeleg namn Jamesetta Hawkins
Alias Miss Peaches
The Matriarch of R&B
Fødd 25. januar 1938(1938-01-25)
Los Angeles i California, U.S.
Død

20. januar 2012 (73 år)
Riverside i California, U.S.

Sjanger
Aktive år 1954–2012
Yrke Songar
Tilknytte artistar
Plateselskap

Etta James (fødd Jamesetta Hawkins25. januar  193820. januar  2012) var ein USA-amerikansk songar og låtskrivar som verka innan sjangrar som blues, soul, rhythm and blues, rock and roll, gospel og jazz.

James spelte inn 30 album og 58 singlar gjennom karrieren sin. Rolling Stone rangerte James som nummer 22 på lista si over 100 Greatest Singers of All Time og ho var nummer 62 på lista over dei 100 største artistane i verda.

Liv

Jamesetta Hawkins blei fødd i Los Angeles i California som dotter av fjorten år gamle Dorothy Hawkins og ein ukjend mann. Mora var ofte fråverande, og James kalla henne seinare «the Mystery Lady». Ho budde hjå ei rekkje ulike fosterfamiliar, med «Sarge» og «Mama» Lu som den viktigaste. [1]

Som femåring byrja James synga ved ei baptistkyrkje i Los Angeles, og blei ein populær songar der. Ho fekk musikalsk opplæring av dirigenten James Earle Hines, som likte å visa henne fram. Ved nokre høve ville han tvinga James til å synga for pokerlaga sine seint på natta, og slå henne om ho nekta. Etter dette hadde James alltid stor motvilje mot å synga på kommando. [2]

14 år gammal hadde Etta James skipa ei eiga musikkgruppe, «The Creolettes», som spelte på hudfargen deira. Musikaren Johnny Otis blei kjend med James og hjelpte henne framover med nytt bandnamn, «The Peaches», artistnamnet Etta James (danna ved å bytta om på namnedelane i «Jamesetta») og til platekontrakt med Modern Records. Dei spelte inn «Dance with Me, Henry»(«The Wallflower»), med James som medforfattar. Songen hamna på førsteplassen på hit-lister for rhythm and blues i 1955. [3] Gruppa gav òg ut hitten «Good Rockin 'Daddy». I 1960 skreiv James under på ein platekontrakt med Argo Records, eit dotterselskap til Chess Records. Dei gav ut hennar to mest kritikarroste album, At Last! og The Second Time Around.

James hadde ei rekkje problem med lova tidleg på 1970-talet som følgje av sin heroin-avhengighet, og hadde fleire opphald på rehabiliteringssenter. Mannen hennar, Artis Mills,  tok ansvaret då dei begge to blei arrestert for å ha og misbruka heroin, og hamna i fengsel. Mills blei lauslaten frå fengsel i 1982. I 1988 blei James innlagt ved rehabiliteringsklinikken Betty Ford Center i Palm Springs i California.

James opptredde på Montreux Jazz Festival i 1977, 1989, 1990 og 1993. Ho var òg med på fleire festivalar over heile USA.

I januar 2011 blei Etta James lagt inn på sjukehus med ei rekkje helseproblem, mellom anna blodkreft. [4] 20. januar 2012, fire dagar før den 74. fødselsdagen sin, døydde ho ved Riverside Community Hospital i Riverside i California. [5] [6]

Other Languages
norsk: Etta James
svenska: Etta James
dansk: Etta James
العربية: إيتا جيمس
aragonés: Etta James
Bân-lâm-gú: Etta James
български: Ета Джеймс
bosanski: Etta James
català: Etta James
čeština: Etta Jamesová
Cymraeg: Etta James
Deutsch: Etta James
eesti: Etta James
Ελληνικά: Έτα Τζέιμς
English: Etta James
español: Etta James
euskara: Etta James
فارسی: اتا جیمز
français: Etta James
galego: Etta James
한국어: 에타 제임스
Հայերեն: Էտա Ջեյմս
hrvatski: Etta James
Bahasa Indonesia: Etta James
italiano: Etta James
עברית: אטה ג'יימס
Latina: Etta James
Lëtzebuergesch: Etta James
magyar: Etta James
Nederlands: Etta James
polski: Etta James
português: Etta James
română: Etta James
русский: Этта Джеймс
shqip: Etta James
Simple English: Etta James
slovenčina: Etta James
српски / srpski: Eta Džejms
srpskohrvatski / српскохрватски: Etta James
suomi: Etta James
Türkçe: Etta James
українська: Етта Джеймс
Tiếng Việt: Etta James
Yorùbá: Etta James
中文: 伊特·珍