Dialyse

Pasient under hemodialyse
Skjematisk framstilling av korleis hemodialyse går føre seg

Dialyse er ein metode for reinse menneskekroppen for avfallsprodukt, saltar og vatn når nyrene i kroppen ikkje fungerer som dei skal på grunn av ein akutt sjukdom, eller når ein kronisk nyresjukdom vert så mykje forverre at nyrefunksjonen er vorte alvorleg svekka. Då kan dialyse verte naudsynt av di ålmenntilstanden elles kan verte skral, det kan samle seg væske i beina og det kan verte tyngre å puste. Det er to hovudmetodar for dialyse: peritoneal dialyse (PD) og hemodialyse (HD).

Hemodialyse

I hemodialyse vert pasientens blodsystem kopla til ei dialysemaskin, slik at blodet går gjennom eit filter som reinsar det for avfallstoff, og som dreg ut overskotet av vatn i blodet. Dette vert vanlegvis gjort på eit dialysesenter tre gongar i veka, kvar gong i fire timer. Tilkoplinga til maskina vert førebudd kirkurgisk ved at det på overarmen eller underarmen vert kopla samen ei vene (blodåre som fører blodet attende til hjartet) og ein arterie (blodåre, pulsåre, som fører blodet som kjem frå hjartet), for at den auka blodgjennomstrøyminga skal få vena til å vekse og verte større. Etter to til tre månader etter inngrepet er vena klar til bruk, og då kan blodet verte sendt i rundgang gjennom dialysemaskina gjennom to nåler som vert lagt inn i vena.

Dersom det av ulike årsaker ikkje er mogleg å knyte pasienten til dialysemaksina på dette viset, kan det nyttast eit sentralvenøst kateter (slange) under huda i brystveggen. Dette kan takast i bruk med ein gong.

Somme dialysesentre kan tilby pasientane å sjølv gjere hemodialyse heime etter ha fått opplæring, og må då sjølv stå ansvarleg for det som skal gjerast. Moderne dialysemaskiner til heimebruk er mindre og enklare, men ikkje så effektive som sjukehusmaskinene, så dialysen må gjerast oftare, til dømes tre timer fem til sju gongar i veka.

Dei fleste toler hemodialyse godt, men det kan verte nokre forbigåande biverknader i byrjinga.

Other Languages
norsk: Dialyse
svenska: Dialys
dansk: Dialyse
العربية: غسيل كلوي
bosanski: Dijaliza
čeština: Dialýza
Cymraeg: Dialysis
Deutsch: Dialyse
English: Dialysis
español: Diálisis
Esperanto: Dializo
euskara: Dialisi
فارسی: دیالیز
français: Dialyse
Gaeilge: Scagdhealú
한국어: 인공투석
हिन्दी: डायलिसिस
hrvatski: Dijaliza
Bahasa Indonesia: Dialisis
עברית: דיאליזה
ქართული: დიალიზი
lietuvių: Dializė
magyar: Dialízis
മലയാളം: ഡയാലിസിസ്
Bahasa Melayu: Dialisis
Nederlands: Dialyse
日本語: 人工透析
oʻzbekcha/ўзбекча: Dializ
polski: Dializa
português: Diálise
shqip: Dializa
Simple English: Dialysis
српски / srpski: Дијализа
srpskohrvatski / српскохрватски: Dijaliza
suomi: Dialyysi
Türkçe: Diyaliz
українська: Діаліз (урологія)
粵語: 洗腎
中文: 透析