Den interparlamentariske union

Hovudkontoret i Genève

Den interparlamentariske union (IPU, engelsk: Inter-Parliamentary Union, fransk: L'Union Interparlementaire) er verdas einaste parlamentarikarforsamling med globalt medlemskap.[1] Den har 166 nasjonalforsamlingar som medlemmar, og 10 assosierte medlemmar (Europaparlamentet og regionale forsamlingar).[2] IPU vart skipa i 1889 etter initiativ av Frédéric Passy og William Randal Cremer.[3]

Hovudkvarteret ligg i Genève i Sveits. IPU har to årlege kongressar, som blir avvikla anten i medlemslanda eller i Genève.[1]

Den norske delegasjonen blir valt av Stortinget for fire år etter kvart stortingsval, og er samansett av fire medlemmar og fire varamedlemmar. Årsrapporten frå delegasjonen til IPU blir lagd fram som eige dokument og handsama av Stortinget.[1]

Frå 1901 til 1927 fekk åtte av dei leiande personane i organisasjonen Nobels fredspris;[3]

  • 1901: Frédéric Passy (Frankrike)
  • 1902: Albert Gobat (Sveits)
  • 1903: William Randal Cremer (Storbritannia)
  • 1908: Fredrik Bajer (Danmark)
  • 1909: Auguste Beernaert (Belgia)
  • 1913: Henri La Fontaine (Belgia)
  • 1921: Christian Lous Lange (Noreg)
  • 1927: Ferdinand Buisson (Frankrike)
  • kjelder

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 «Den Interparlamentariske Union (IPU)». Stortinget. Henta 29. september 2015. 
  2. «Members of the Union». Inter-Parliamentary Union. Henta 29. september 2015. 
  3. 3,0 3,1 «Brief history». Inter-Parliamentary Union. Henta 29. september 2015. 
Other Languages
Bahasa Indonesia: Inter-Parliamentary Union
oʻzbekcha/ўзбекча: Parlamentlararo ittifoq