Den internasjonale domstolen

For andre internasjonale domstolar i Haag, sjå Haag-domstolen

Den internasjonale domstolen, på engelsk International Court of Justice, ICJ, er SN sin domstol. Domstolen vart skipa i 1945 og starta verksemda si i 1946. Den har sete i Haag i Nederland. Domstolen vart skipa som ein direkte etterfølgjar til Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie som var i verksemd frå 1921 til 1940.

Den internasjonale domstolen er det øvste juridiske organet i FN og har som oppdrag å bidra til at internasjonale lover blir følgde. [1] Det er berre statar som kan vere partar i saker som blir teke til handsaming i domstolen. Dersom ein stat ikkje ynskjer å vere part, kan den ikkje tvingast til det. Men godtar ein stat å møte for domstolen, har staten i utgangspunktet plikt til å respektere domstolen si avgjerd.

Other Languages
беларуская (тарашкевіца)‎: Міжнародны Суд ААН
ગુજરાતી: વિશ્વ અદાલત
Bahasa Indonesia: Mahkamah Internasional
къарачай-малкъар: БМО-ну Халкъла арасы сюдю
oʻzbekcha/ўзбекча: Xalqaro sud
پنجابی: عالمی عدالت
русиньскый: Міджінародный суд
slovenščina: Meddržavno sodišče
srpskohrvatski / српскохрватски: Međunarodni sud pravde
татарча/tatarça: BMO Xalıqara Mäxkämäse
українська: Міжнародний суд
吴语: 国际法院
粵語: 國際法庭
中文: 国际法院