Den armenske kalenderen

Den armenske kalenderen er danna av år delt inn i 12 månader med fem tilleggsdagar. Dagane i månaden har namn i staden for nummer, noko som er vanleg i avestiske kalendrar.

Byrjingsåret tilsvarer år 552 i den julianske og gregorianske kalenderen. Dette var ei tid då Den armenske apostoliske kyrkja fjerna seg frå den katolske.

Kalenderen bruker armenske tal og bokstavar. Datoer er markert med teikna ԹՎ eller liknande, gjerne med ein strek over for å indikera «t'vin» («i året»), etterfølgd av eitt til fire teikn frå det armenske alfabetet, der kvart teikn står for eit tal. For å omsetja dette til eit standardår, kan ein leggja 551 til det armenske årstalet.

Månader

Armenske månadnamn viser påverknad frå den parsiske kalenderen.[1]

Månader
# Armensk Romanisering etter Hübschmann-Meillet (1913) Tyding Ordsoge/merknadar
1 նաւասարդ nawasard nyttår Avestisk*nava sarəδa
2 հոռի hoṙi to
3 սահմի sahmi tre
4 տրէ trē Parsisk tïr
5 քաղոց kʿałocʿ avlingsmånaden Parsisk Ameretat (guden Ameretat var rekna som vernar av plantar)
6 արաց aracʿ
7 մեհեկան mehekan Mithra-høgtida Iransk *mihrakān- ; parsisk mitrō
8 արեգ areg solmånaden Parsisk Āvān
9 ահեկան ahekan fire festival Iranisk *āhrakān- ; parsisk Ātarō
10 մարերի mareri mid-year Avestisk maiδyaīrya ; parsisk dīn
11 մարգաց margacʿ Parsisk vohūman
12 հրոտից hroticʿ Pahlavi *fravartakān ; parsisk spendarmat̰
13 Ավելյաց[2] epagomenê Innsette dagar (fravasjidagar, fravardigan)
Other Languages
العربية: تقويم أرمني
azərbaycanca: Erməni təqvimi
беларуская: Армянскі каляндар
беларуская (тарашкевіца)‎: Армянскі каляндар
Esperanto: Armena kalendaro
Bahasa Indonesia: Kalender Armenia
Nederlands: Armeense kalender
Nordfriisk: Armeensk kalender
Simple English: Armenian calendar
srpskohrvatski / српскохрватски: Jermenski kalendar
Basa Sunda: Kalénder Arménia
Türkçe: Ermeni takvimi
Tiếng Việt: Lịch Armenia