Conquistador

I Lisboa står dette monumentet tileigna dei portugisiske conquistadorane, som blei kalla descobrimentos.

Conquistador (frå spansk 'erobrar') er eit uttrykk som vert nytta om soldatar, oppdagarar og eventyrarar som la store delar av Amerika og nokre øyar i Asia under spansk styre på 1600- og 1700-talet. Då Christofer Columbus oppdaga Den nye verda i 1492 gav det Spania eit forsprang i koloniseringa av Amerika. Conquistadorane nådde òg Aust-Asia på denne tida, der dei erobra øygruppa Filippinane og øya Guam.

Mange av conquistadorane var fattige adelege, hidalgoar, som såg fram til å vinna seg ein formue i den nye, rike verda over havet. Conquistadorane tok tidleg dei gullskattane dei kunne finna, og leita stadig etter meir. Det blei sendt ut fleire ekspedisjonar som leita etter dei gullrike sogebyane Cibola i Nord- og El Dorado i Sør-Amerika, men dei fann anten ingen ting eller mindre enn dei hadde håpa.

Erobring

Pedro de Valdivia grunnla Santiago, hovudstaden i Chile.

Omgrepet conquistadores blei nytta mellom anna fordi desse første amerikanske koloniherrane følte eit slektskap med reconquistaen, den kristne kampen for å ta herredømet over den iberiske halvøya tilbake frå dei muslimske maurarane. Til minne om denne historiske kampen heilaga dei òg namnet Santiago Matamoros ( den heilage maurar-dreparen Jakob) før dei gjekk til krig mot dei heidenske indianarane. Namnet Santiago blei òg gjeve til ei rekkje av byane conquistadorane grunnla.

Other Languages
svenska: Conquistador
Afrikaans: Conquistador
العربية: كونكيستدور
azərbaycanca: Konkistador
Bân-lâm-gú: Conquistador
беларуская: Канкістадоры
български: Конкистадор
Boarisch: Konquistador
bosanski: Konkvistador
brezhoneg: Konkistador
català: Conquistador
Deutsch: Konquistador
English: Conquistador
Esperanto: Konkistadoro
euskara: Conquistador
français: Conquistador
Gàidhlig: Ceannsaichean
Հայերեն: Կոնկիստադոր
hrvatski: Konkvistadori
Bahasa Indonesia: Conquistador
italiano: Conquistadores
қазақша: Конкистадор
Kiswahili: Conquistador
latviešu: Konkistadors
lietuvių: Konkistadoras
македонски: Конквистадор
Bahasa Melayu: Konkuistador
polski: Konkwista
português: Conquistador
română: Conchistador
Runa Simi: Qichukuq
русский: Конкистадор
Simple English: Conquistador
српски / srpski: Конкистадор
srpskohrvatski / српскохрватски: Konkvistador
Türkçe: Konkistador
українська: Конкістадор
Tiếng Việt: Conquistador
中文: 征服者